fredag 22. november 2013

Skogstur 4.-8. november

Solotur

I løpet av skogsturen, som var lagt til første veka i november, skulle vi ha eit solodøger. Dvs. gjennomføre ei overnatting åleine i skogen. Målet med denne eigenturen var å bli bevisst på kva føresetnadar ein sjølv har for å klare seg åleine. Eg har aldri overnatta ute åleine før. Har eg alle dei grunnleggjande ferdigheitene som vi har brukt ilag i løpet av hausten? 

Å vere ute i skogen åleine kan for mange vere ei stor utfordring. Ikkje berre fordi ein må gjer alle arbeidsoppgåver åleine, men skogen i seg sjølv kan verke skummel. Dette var eg litt bekymra for då eg høyrde at vi skulle ha ei solo-overnatting. Solo overnattinga var meint for å utfordre oss og for at vi sjølv skulle finne ut av kva vi meistrar med leirlivet.

Utsikt frå bustaden min.
Foto: Ragni K. Odéen
I dagens samfunn vil det som regel vere visse krav til oss som menneske (Miljøverndepartementet, 2009). Det vil alltid vere område der ein ikkje når opp. Meistring er nøkkelen for sjølvrespekt og kjensla av å lukkast er viktig (Miljøverndepartementet, 2009). Ved å oppleve at ein ikkje når opp på eit område må mennesket søkje vidare etter område som ein betre mestrar for å få den gode kjensla. Ute i naturen kan det enkelte individ oppsøkje dei utfordringar ein sjølv meiner å meistre (Tordsson, 2007). Til dømes fins det ulike måtar å byggje gapahuk på, nokre meir avanserte enn andre. Alt etter kunnskap og tidlegare erfaring kan ein velgje ut ein type gapahuk som ein meiner ein kan mestre å lage åleine.

Gapahuken min: laga av ein trefot og jervenduk.
Foto: Ragni K. Odéen
Eg var heldig og hadde ein fantastisk utsikt frå leiren min på eigenturen. Eg vart så overvelda over naturen og utsikta at eg berre måtte slå leir på dette utsiktspunktet. Minuset var at eg måtte gå eit stykke for å hente god ved, men eg såg ikkje på dette som eit stort problem. Eg valde å slå leir på denne staden, og vurderte mine eigenskapar til å slå leir og samle ved som gode nok til at eg ikkje trong å liggje nede i tettaste furuskogen. Eg fekk nok ved og bål til å lage både middag og koke vatn til frukost. Bustaden min laga eg av ein enkel jervenduk, tre trestokkar og litt hyssing. Eg var svært nøgd med både bål og gapahuk, og kjende på mestringskjensla.


Dei grunnleggjande ferdigheitene som trengs for ein solotur, eller for å overleve i naturen, fekk eg bekrefta at eg eigde. Eg valde område og utforming av gapahuk og bål etter eigen evne. Eg visste kvar eg fann god ved, og at eg måtte gå litt lengre for å finne den. Med god utsikt, fin leir og bål gløymde eg å tenkje på at eg i utgangspunktet tykte dette kunne bli ein skummel kveld og natt.

Leirstaden min.
Foto: Ragni K. Odéen


Litteratur:


Miljøverndepartementet (2009). Naturopplevelse, friluftsliv og vår psykiske helse. http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/rapporter_planer/rapporter/2009/naturopplevelse- friluftsliv-og- var-psyki.html?id=578787 (Lasta opp 21. november 2013)

Tordsson, B. 2007. "En sunn sjel i en sunn natur. Naturen som sanselig rikdom, symbolverdien og grunnlag for selverkjennelse". Bø: Høgskulen i Telemark.






torsdag 14. november 2013

Rettleiartur 9.-11. oktober

Bål

Eit av høgdepunkta med rettleiarturen var å lage ordentleg, god mat på bål. Rettleiarane skulle sørgje for å handle inn middag til første dag, og vi hadde ansvar for den andre middagen. For å lage mat nytta vi stort sett bål, men fekk òg prøve ut kokegrop. I dette innlegget vil eg fortelje litt om min eigne erfaring med bålbrenning og saman med faglitteratur reflektere om korleis ein blir god til å fyre bål.

Bolledeig på pinne var suksess!
Foto: Ragni K. Odéen

For å få til eit godt bål meinar eg det trengst ein dose tålmod og gjerne nokre lure triks på handa. Etter eit år på folkehøgskule med friluftsliv skulle ein tru at eg var blitt ein "racer" på å fyre bål. Den gong ei. Det er først etter at eg byrja å studere at eg har lært meg småtriks som gjer at eg kan fyre bål heilt åleine. På folkehøgskulen var det andre som var flinkare enn meg, så eg trakk meg vel heller unna og lot dei styre på. Heldigvis vart eg vaksnare med åra, og på rettleiarturen vart det bål med kun ei fyrstikk!

Ein grunnleggjane kunnskap for å få til eit bål er branntrekanten (brannvettskolen.no). Det trengs brennbart materiale, oksygen og energi (varme). For å få veden til og brenne, må vi tilføre varmeenergi til den når "tenn-temperaturen". Etter dette vil veden brenne av seg sjølv og avgi spontan varme til det brennbare materialet rundt (Seland, 2000). Det er lurt å ha eit godt lager med tørt materiale i ulik tjukkleik før ein skal setje fyr på bålet (Seland, 2000). Før ein kan få fyr på dei store vedkubbane bør ein starte med småkvister og stadig leggje på større materiale. Tips til opptenningsved er bjørkenever, små, tørre furu- eller grankvister og anna tørt, smått materiale (Seland, 2000). Legg småkvistene og neveren i ein liten haug, men sørg for å ha litt på lur ved sida av til å "mate" bålet med. Deretter kan du lage ein pagode eller kjegleformasjon(pyramide) med litt større kvister (Seland, 2000). Sørg for at det er nok tilgong til oksygen før du tenner på.


Småkvist og never.
Foto: Ragni K. Odéen

Min erfaring med å fyre bål er at du lærer best av å prøve sjølv og ikkje ver redd for å spør om tips eller gjer feil. Ein lærer av erfaring. For å få fyr på bålet med kun ei fyrstikk gjeld det å vere nøye med grunnarbeidet. Her har Seland (2000) fleire gode småtips. Tørr bjørkenever er kanskje det beste trikset, meiner eg. Kombinert med litt tørre furukvister og tyrived har ein eit godt grunnlag for opptenning. Eg likar godt å bruke metoden der ein byggjer ein pagode, istadenfor eit kjeglebål, som Seland (2000) beskriv. Ein byggjer opp ein firkat med to og to parallelle kvister og fyrer opp i midten. Etterkvart byggjer ein opp med større materiale. Pagodebålet opplev eg som meir stabilt enn pyramidebålet og eignar seg godt for å setje kjelar til matlaging på. I tillegg er det denne type bål eg personleg har mest erfaring med.

Skal ein bli godt til å fyre bål gjeld det først og fremst å interessere seg for det. Deretter må ein ta til seg alle små tips og triks frå meir erfarne bålbrennarar. Hugs på branntrekanten. Om ein av faktorane manglar, blir det ikkje bål. Tørt materiale er òg essensielt for å få fyr på bålet. Til slutt gjeld det, som med det meste anna, å skaffe seg erfaring med bålbrenning og finne ut korleis du vil byggje opp bålet ditt. Ta med deg ein venn ut i skogen og kos deg rundt bålet!

Grunnlaget blir lagt med utsikt mot Sognefjorden.
Foto: Ragni K. Odéen



Kjelder

Brannvettskolen.no. Hva er brann? [Internett] henta frå http://www.brannvettskolen.no/Ungdomstrinnet/Brannfysikk/Hva-er-brann 14. november, 2013

Seland, J. (2000). Ild og Bål. I Ut, naturligvis! Barn, natur og uteaktiviteter, red. Furuset, K. DMMHs publikasjonsserie, Trondheim.