I midten av oktober sto sjølve
gulrota i dette semesteret for tur: ekskursjon til Correns, Provance i
Frankrike. Ein tur der klatring, reiseliv og ikkje minst hyggefaktoren var i
fokus. Turen var hovudsakleg for å betre eigenferdigheit og tryggleik med
klatring på boreboltar, men vi hadde òg daglege faginnslag med studenttema som
omhandla rettleiing, klatring og naturbasert turisme. Utan om klatring var det
fleire kulturelle innslag, mellom anna fransk marknad i Aix, besøk på vingard
og til den store turistattraksjonen ”Grand
canyon du Verdon”.
Ved å opphalde oss ti dagar i same,
vetle landsby, lærte vi å kjenne noko av lokalkulturen i området. Correns var
ein av dei første økologiske landsbyane i Frankrike. Etter at regjeringa gjekk
ut med anbefalingar, bestemte borgermesteren seg for at Correns skulle handle
etter dette. Alt landbruket er økologisk, som også tyder at all vin fra området
er økologisk vin. Dei siste 15 åra, etter at Correns vart ein økologisk by, har
folketalet auka frå 661 til 803 innbyggjarar.
Vi fekk sjå korleis dei slakta villsvina, ikkje berre ein gong – men
fleire dagar var vi heldige å få vere
vitne til dette. Det var presisjonsarbeid og ein kunne sjå at handverket hadde
vore gjort uante gonger før. Det var tydeleg at personane tilstades hadde ulike
roller i prosessen. Ein hadde ansvar for å opne svinet, ein annan flådde den,
og tredjemann delte den opp i stykker.
På turen fekk vi også besøke ein vingard, smake økologisk vin og sjå og
høyre om korleis prosessen med vinlaginga føregår. Det var utruleg artig å få
vere såpass lenge i ein så liten landsby, der vi fekk kontakt med bakaren,
butikkdama og villsvinjegrane- Vi vart verkeleg introdusert for kulturen i det
litle samfunnet.