torsdag 20. februar 2014

Vigdalstøl, 11.-12. februar, 2014

11.-12. Februar 2014 reiste vi på tur til Vigdalstøl for å jobbe med sikker ferdsle på topptur i vinterfjellet. Vi skulle få erfaring med trygge vegval og organisering av gruppa på tur, samt få erfaring med kameratredning i snøskred. I dette innlegget vil eg ta føre meg turplanleggingsfasen når ein skal på topptur.


Turplanlegging, 3x3-filtermetoden
God planlegging i forkant av turen kan vere ei av dei beste reiskapane ein har for å unngå ulukker i fjellet. Pensum på B2 Friluftsliv i Sogndal tar mellom anna utgangspunkt i Werner Munter sin metode om 3x3 filtervurdering (Landrø, 2008;102). 3x3 filtermetoden går ut på at ein vurderer vær og snøforhold, terreng og menneskelege faktorar tre gonger. Munter kallar det ”regionalt, lokalt og zonalt”, men det kan kanskje vere enklare å forstå omgrepa ved å omtale dei som ”turplanlegging, områdevurdering og enkelthengsvurdering” (Landrø, 2008).

Turplanlegginga skjer heime før ein reiser på tur og skal gje oss informasjon om dette er ein tur som vi aksepterer risikoen til. Turplanen er eit verktøy som hjelper til at vi blir meir bevisst på kva vi skal sjå etter når vi kjem ut i området og i enkelthenga (Landrø, 2008). I planlegginga er det lurt å bruke ulike verktøy som snøskredvarslinga, skredkartet og senorge for å skaffe seg mest mogleg informasjon om terreng, snødjupnad og skredproblem i snødekket. Saman med desse verktøya og vêrmeldinga kan ein rekne ut kor den beste snøen ligg. Skredkartet er ein god reiskap for å sjekke brattleiken i terrenget, slik at ein i turplanen kan presisere kritiske punkt der ein bør gjer tiltak for å bevare tryggleiken til gruppa. Turplanen bør innehalde fleire alternativ for rute både opp og ned.
 
Utklipp fra turplanen til Buskrednosi. Øvst er ruta teikna på kart frå ut.no. Nedst har vi brukt NGI sitt skredkart.

I teltgruppa mi laga vi vår eigen turplan etter 3x3-filtermetoden frå Werner Munter (Landrø, 2008;102). Vi brukte ulike nettstader for å kartleggje snøforhold og terreng. Ut i frå det vi kunne finne var det mogleg å gjennomføre denne turen utan å bevege seg i heng over 30°. Dette er eit godt utgangspunkt for turar med grupper som har ulike føresetnadar for toppturar på ski. Då vi kom ut i terrenget var det god snø og terrenget var nokså oversiktleg. Vi fekk høyre at det ville vere eit punkt på turen der vi måtte bevege oss over 30°, dette hadde vi ikkje klart å sjå då vi planla turen heime.

Ved skredfare <2 kan vi med Afterskimetoden bevege oss i terreng >35° (Brattlien, 2013). I terreng over 30° gjer vi uansett standardtiltak med avlastningsavstand 10 meter oppover og køyrer ein og ein ned att. Dømet ovanfor er ein situasjon som beskriv kvifor ein må vere ”på vakt” når ein kjem ut i terrenget.  Høgdekvotene på standard turkart 1:50 000 viser brattleik per 20. høgdemeter og mindre brattheng vil ikkje vise på kartet. Dersom eit heng er <30° og meir enn 5 meter høgt, kan det i prinsippet gå skred her og vi må alltid bruke standardtiltak.

Turplanlegging i leiren frå ein seinare tur med B2 Friluftsliv.
Foto: Victoria Rönnbäck


God turplanlegging heime kan gjer deg tryggare på forholda når du kjem ut i fjellet. Dersom gruppa ikkje aksepterer risikoen for turen som er planlagt: planlegg ny tur. I turplanen presiserer ein kva ein skal sjå etter når ein kjem til den lokale og zonale delen av turplanen. Dette gjer deg meir våken på kritiske punkt i terrenget, eller snødekkevurderinga. Likevel må ein alltid hugse å ha augene opp for mindre brattheng eller uventa fareteikn frå snøen.



Referanseliste:

Brattlien, K. (2013). Trenger vi skredvarsling? Lasta opp 08.05.14 http://www.ngi.no/no/snoskred/Nyheter/Trenger-vi-skredvarsling/

Landrø, M. (2008). Skredfare (2.utg). Oslo. Fri Flyt As.


lørdag 8. februar 2014

Nordisk skiferdsel, Hemsedalsfjellet 27.-31. januar 2014



Siste veka i januar var sett av til ein langtur over Hemsedalsfjellet frå Breistøl til Hemsedal. 21 elevar skulle gå denne turen med to rettleiarar. I forkant planla vi turen godt i teltgruppene. Ein del av forarbeidet var å planlegge og forberede mat til turen. Eg er oppteken av å ete god og næringsrik mat og hadde eit ønskje om at vi skulle tørke og lage vår eigen turmat. Målet var at det skulle bli like enkelt å klargjer og smake betre enn "Toro" eller "Real Turmat.

Turking av mat

Å tørke mat vert på fagspråket kalla "å dehydrere mat". Ved å tørke mat kan ein auke haldbarheita på varene og behalde næringsinnhaldet, samstundes som ein reduserer mykje av vekta på råvarene (Sanabona, u.å). For å tørke mat kan ein bruke ulike metodar: henge maten på ei snor i romtemperatur, tørke i steikeomn eller bruke ein dehydrator (tørkemaskin). Ved å tørke maten kan ein redusere vekta med opp til 90% på frukt og grønsaker og omlag 60-70% på kjøtt (Wegge, 2013). Dette vil ein garantert kjenne forskjell på i tursekken på ein femdagarstur i høgfjellet.


Ein heil brokkoli ferdig turka.
Foto: Ragni K. Odéen

Ostehøvel fungerer godt for å få løvtynne gulrotskiver.
Foto: Ragni K. Odéen






















Mat som eignar seg for turking er det meste av frukt- og grønsaker og kjøt (Wegge, 2013). Før ein kan tørke må ein kutte opp råvarene i små bitar. Tenk gjerne på å få fram mest mogleg endar for at fibrane i maten tørkar fortare, og hurtigare trekk til seg fuktigheit når ein skal ete maten seinare (Wegge, 2013). Nokre råvarer krev litt forarbeid før ein tørkar den. Dette er til dømes kjøt som bør steikast i forkant. Gulrot, brokkoli og blomkål bør forvellast før ein tørkar dei. Ved forvelling kokar ein grønsakene i 2-3 minutt, som gjer maten mjukare og lettare å tørke, i tillegg til at ein fjernar ein del bakteriar (Wegge, 2013). Når forarbeidet er gjort legg ein maten på ei rist med nok mellomrom til at lufta kan strøyme gjennom. La maten tørke 6-8 timar, eller til den er hard (Wegge, 2013).


Klart for turking! 
Foto: Ragni K. Odéen

Mange trur at ein må ha tørkemaskin eller varmluftsovn for å tørke mat. Før denne turen hadde eg aldri tørka mat sjølv, men ville vise at det var mogleg - til og med i ein gammal steikeomn utan varmluft. I første omgang tørka eg gulrot, brokkoli og paprika. Eg følgde oppskrifta om å kutte opp i småbitar og forvella grønsakene før eg sette dei i steikeomnen. Paprikaen trong ikkje forvelling eller steiking. Ideelt sett skal ein tørke grønsakene på bakepapir og rist i omnen, eg hadde heller ikkje rist og prøvde meg fram med steikebrettet. Sjølv om Wegge (2013) skriv at ein tørkar i omnen på 100°C, har eg betre erfaring med å tørke over natta ved lågare temperatur (50-70°C) for å ikkje svi maten.



Eg tykte turking av mat i vanleg omn med steikebrett fungerte utmerket. Det er nok ikkje ideelt med tanke på straumforbruk og effektivitet, men om ein ikkje har andre alternativ så går dette fint. Tynne skiver/bitar er eit stikkord for å få eit godt resultat. I ettertid har eg prøvd å tørke kylling på ulike måtar, eg opplevde at ferdiggrilla kylling som ein riv opp med fibrane fungerer godt til turking. Desse fibrane trekk hurtig til seg fuktigheit og smakar godt! Eg opplevde at det berre vart att 10% av vekta på grønsakene eg tørka, som tyder at det har vore vellykka og all fuktigheita har trekt ut. 





 Referanseliste:

Inge Wegge. (2013). Lag turmaten selv! Lasta opp 08.05.14 frå http://ut.no/artikkel/1.10867465

Sanabona. (u.å). Tørking av mat i dehydrator. Lasta opp 08.05.14 frå http://www.sanabona.no/kjokkenutstyr/15-torking-av-mat-i-dehydrator





tirsdag 4. februar 2014

Vintertur med førstehjelp 22.-23.01.14

Å etablere leir

Denne gongen reiste vi til Haukåsen for å teste vinterutstyret vårt. Dette var ein kort fjellskitur med heile B2 der vi hadde fokus på leiroppsett, orientering og førstehjelp. Hovudmålet var å teste ut personleg- og fellesutstyr før ein lengre tur i veke 5. På turen skulle vi skaffe oss erfaring og kunnskap om leirliv vinterstid (teltoppsett, levegg, latrine etc.), bruk av primus i telt, vinterorientering og tilpassing av skiutstyr. I dette innlegget vil eg vidare ta føre meg korleis etablere leir vinterstid.


Magnhild i fint driv.
Foto: Ukjent
 På vintertur i høgfjellet kan ein ofte bli utsett for hardt vêr med mykje vind og snø. Når ein skal etablere leir vinterstid er det difor fleire faktorar ein bør vurdere å ta omsyn til for å få ei best mogleg oppleving, og for å unngå å måtte stå opp midt på natta for å rette opp teltet. Ein bør mellom anna vurdere fleire faktorar ved plasseringa av teltet og det kan vere lurt å på førehand verte einig om korleis ein som gruppe ønskjer å gå fram med å setje opp teltet for å effektivisere. I tillegg fins det enkelte andre lure triks som gjer overnattinga meir behagelig.


Det første ein må tenkje på ved etablering av leir er om plasseringa er trygg. Vurderingar ein må gjer her kjem an på type tur og underlag. På høgfjellet er det først og fremst utlaupssonar ein må tenkje på. Uansett snøforhold skal ein aldri leggje leiren i ei utlaupssone (Horgen, 2010). Ved telting på isbre må ein sjekke heile området ein skal telte og bevege seg i med søkestang for å finne ut om det fins sprekker i området (Skog). Når tryggleikssjekken er godkjent bør ein finne eit flatt område der ein ønskjer å ha teltet. Dette er lurt for å kunne liggje i ro utan å skli rundt på liggeunderlaget heile natta. Eit tips er å tråkke med ski over området ein ønskjer å ha teltet, for å sintre snølaget øvst. Når ein plasserer teltet, særs ved tunneltelt, må ein tenkje på å setje kortsida mot vinden for at vinden skal få minst mogleg tak i teltet (Skog). 



Etter klargjering av teltplass skal teltet opp. Først må ein sikre teltet for at det ikkje skal ta ut i vinden. Fest kortsida som skal opp mot vinden med eit par ski. Plasser dei med undersida mot teltet, slik at stålkantane ikkje kan kutte av løkka den er festa i. Når teltet er godt sikra kan ein rulle ut teltet og tre i teltstengene (Skog). Dersom ein er fleire saman er det lurt å samarbeide for å kjappast mogleg få opp teltet. Før ein bardunerer teltet bør ein strekkje det ut i lengderetning (Skog). Når dette er gjort kan ein stramme teltstenger og bardunere teltet godt. Eit stramt og fint telt gir frå seg mindre varme i vinden (Skog). Difor kan det vere lurt å leggje ekstra energi i å stramme teltet og bardunere godt ein ekstra gong, før ein for siste gong går inn i teltet om  kvelden. I tillegg minskar ein risikoen for at ein må ut å sikre teltet om natta. 


Leirliv
Foto: Magnhild Øfsti
Når ein har fått opp teltet er det fint å la ein person gå inn for å grave kuldegrop og klargjer teltet inne. I mellomtida kan dei andre i teltlaget grave blokker som ein legg rundt snøskjørtet eller kanten på teltduken (Skog). Dette gir betre isolasjon og strammar opp teltet, men ein må hugse på at ventilasjonen vert dårlegare. Difor er det viktig å opne lufteslusene godt for å få god nok ventilasjon. Dersom ein skal lage mat i forteltet er det óg viktig med god lufting for å sleppe ut farlege gassar og unngå mykje kondens i teltet. Dersom ein har tid og overskot kan det òg vere fint å grave levegg for å auke komforten. Den som       allereie er inne i teltet kan då byrje med matlaging medan dei andre arbeidar ute.


På denne turen var vi ikkje direkte i høgfjellet og hadde forholdsvis godt vêr då vi skulle etablere leir. Likevel skulle vi tenkje oss at vi var på høgfjellet og at vinden piska rundt oss. Når ein er store grupper kan ein plassere telta i eit system som gjer at ein ligg i le for kvarandre. Vi sette opp teltet uavhengig av dei andre denne gongen. Deretter laga vi kuldegrop og levegg for å få det meir behagelig. Dette gjekk forholdsvis smertefritt. Det var fint å få øve seg på leiroppsett før ein for alvor skulle opp i høgfjellsvêret på Hemsedalsfjellet.











Referanseliste:

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Skog, Cecilie. Frå Cecilie Skogs Dagbok. Lasta opp 04.02.2014 http://www.gamme.no/om-gamme/item/1277-etablere-leir