onsdag 10. september 2014

Klatring på låglandsklippe 25.-28. august, 2014


Vår første ekskursjon dette skuleåret var klatreundervisning frå 25.- 28. august. Opplegget gjekk ut på fire dagsekskursjonar med klatring på Kvam og i Veitastrond.  Dette var første modul i klatreundervisninga, og gjekk mellom anna ut på å tileigne seg erfaring med metodar for topptaufeste, rappell og risiko knytt til sportsklatring og buldring ved låglandsklipper.

Kameratsjekken
Før ein skal setje i gong å klatre er det fleire viktige moment ein må ha kontroll på, og ha eit bevisst forhold til. For å kunne sikre personar inne i ein klatrehall, krev dei fleste anlegg at ein må vise fram brattkort. Ved klatring ute er det ingen som kontrollerer dette, men det er minst like viktig at ein meistrar sikringsteknikk før ein sender kameraten sin opp i veggen.

Foto: Ragni K. Odéen.
Tonje og Gjermund gjennomfører kameratsjekken.


Ved sportsklatring, og for så vidt fjellklatring, er det svært viktig å ha eit sunt og bevisst forhold til kameratsjekken (Håkonsen, 2005). Kameratsjekken er eit filter er med på å førebygge at ulykker skjer i klatreveggen, og er ein viktig del av brattkortkurset til Norges Klatreforbund (NKF, u.å).
Moment ein skal kontrollere ved kameratsjekken er om selen sitt korrekt på både klatrar og sikrar. Selen skal sitte så stramt at ein ikkje skal klare å dra den forbi hoftene. Deretter sjekkar sikrar om innbindinga til klatrar er riktig. Innbindinga skal vere ein dobbel åttetalsknute. Slå ein enkel åttetalsknute på tauet og tre gjennom dei to same punkta som sentralløkka er festa i (Håkonsen, 2005 og Tronstad, 2005). Deretter tres tauet tilbake gjennom åttetalet (illustrasjon 1).

Når sikrar har sjekka at tauet er tredd riktig på klatrar, er det klatrar sin tur til å sjekke sikrar. Denne delen av sjekken skal sørgje for at tauet ligg riktig i bremsen og at skrukarabinen er festa skikkelig og låst (Håkonsen, 2005). Tauenden som går til klatrar skal alltid vera øvst (Tronstad, 2005), der bremsen ikkje har friksjon (dersom den har dette). Det fins mange ulike taubremsar, og det viktigaste er at både sikrar og klatrar veit korleis den bremsen dei brukar skal treas – for å kunne gjer sjekken riktig. Til slutt sjekkar klatrar om skrukarabinen er festa rett og skrudd att. 
Foto: Asgeir Rusti
Illustrerer korleis tauet skal gå gjennom bremsen, med skrukarabin i sentralløkka.
I ei kort avslutning kan vi liste opp kameratsjekken sine moment: selen sitt korrekt, innbindinga er fullstendig, tauet ligg riktig i bremsen og skrukarabinen er låst og festa riktig.    


Referanser:
Håkonsen, C. og Håkonsen, H.P. (2005). Klatring og Friluftsliv.
Norges Klatreforbund. (u.å). Brattkortprøven.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Akilles forlag.


torsdag 15. mai 2014

Topptur Hurrungane, 23.-25.04

Utsikt frå Store Ringstind.
Foto: Tom Arne Grini
Endeleg var det klart for topptur til dei majestetiske fjella i Hurrungane. Vi reiste opp veka etter påske - som ein forlenging av påskeferien. Vi skulle ha basecamp og mål for turen var mellom anna redning på snødekt bre, vegval i bratt lende og køyremønster.



TOPPTUR: Om å finne den beste linja både opp og ned.


Eg har eit fåtal gonger vore heldig å få gått på topptur med guide i samband med toppturfestivalar og i tidlegare skulesamanheng. Den same leksa om å kvile seg til topps får eg høyre kvar gong. Mi erfaring i desse situasjonane er at guiden "peisar på" saman med dei sprekaste og vi halvspreke kjem oss til slutt utslitne til toppen.

Med å gå i for høgt tempo kan ein miste fokus på mellom anna alpine farar, som ein må følgje med på undervegs. På vårskitur kan døme på alpine farar vere utgliding, skavlbrekk, steinsprang eller utmatting (Haslene, 2008). Ein annan ting ein bør ha overskot til på oppturen, for å gjer nedturen optimal, er å planlegge nedkøyringa på veg opp (Aslaksen, 2014). På denne måten kan ein lese terrenget, sola og snøen for å finne den beste linja og den beste snøen. Ved å kome til topps med overskot har ein òg meir å gå på og kan få meir glede ut av nedkøyringa - som for mange ofte er høgdepunktet med turen (Aslaksen, 2014). På vårskitur kan det vere eit godt tips å ha alpin start, å gå litt tidligare på morgonen enn midtvinters. For å ha rikelig med tid til å nå toppen og få det beste føret på veg ned att er alpin start verkeleg å anbefale for å få den beste opplevinga.


Desse dagane i Hurrungane skulle vi gå to klassiske toppturar med grupper på 7-10 personar. Vi lagde eigen turplan i dei enkelte gruppene og skulle rettleie kvarandre undervegs på turane. Den første turen gjekk til Store Ringstind, her erfarte vi som gruppe at vi fekk dårleg flyt i nedturen. Grunn til dette var at vi ikkje hadde diskutert nedkøyring verken kvelden før, eller medan vi gjekk opp. Dette var for dei fleste i gruppa ein ordentleg "vekkjar" og i etterkant ein god læringssituasjon. Frå no av vil eg alltid vele ut ei linje til nedkøyringa medan eg går oppover, så sant eg har overskot til det.

Innmarsj i Ringsdalen. Frå venstre: Midtre og Store Ringstind.
Foto: Tom Arne Grini













Noko av nedkøyringa frå Ringstind.
Foto: Tom Arne Grini


Andre tur gjekk til Lauvnostind. Vi hadde saman i gruppa planlagt oppturen kvelden før. Vi la ruta opp ryggen mot Lauvnosi. Då vi kom opp dagen etter, såg eg og Victoria eit alternativ som kunne vere endå betre enn å følgje ryggen. Vi kunne runde rundt på vestsida av Lauvnosi, og gå tilnærma flatt for å kome opp her. Vi som leia gruppa i denne delen av turen valde å gå bort i frå originalplan og heller følgje denne "flate" ruta opp dette partiet. Dette er eit godt eksempel på at turplanen ikkje treng vere fasiten. Heile turen prøvde gruppa å leggje eit relativt flatt spor, tilnærma lik ein Brio togbane med jamne, lange svingar. Vi gjekk jamt og flatt - og plutselig var vi ved partiet der skia måtte av og vi skulle "boote" til toppunktet.

Desse dagane i Hurrungane med topptur i middels store grupper har gitt mykje rom for læring. Når ein går topptur har eg opplevd at mange køyrer ned same stad som ein går opp. Ved å avklare med gruppa at det er greitt å bruke litt tid på å planlegge nedkøyringa medan ein går opp, vil heile turopplevinga bli heva. På toppturen skal både opptur og nedtur nytast. For å få til dette er det viktig å finne eit jamt tempo opp som passar alle i gruppa. Ein skal kunne prate lett og diskutere vegval medan ein går. Ved å kutte ut småstopp heile vegen kan ein auke gjennomsnittshastigheita utan å auke frekvensen på beina.


For første gong på organisert tur har eg opplevd å kvile meg til topps, endeleg fekk eg verkeleg kjenne på dette omgrepet. Med fullstendig overskot på toppen av Lauvnostind kunne eg verkeleg nyte topptraversen, utsikta og nedkøyringa etterpå. Dette gav meirsmak.

Nøgd gjeng på toppen av Ringstind.
Foto: Linda Hallandvik



Referanseliste:

Aslaksen, T. (2014). Toppturkurs - en god investering. Lasta opp 10.05.14 frå http://www.bratrening.no/ute/vinter/514-toppturkurs-en-god-investering

Haslene, S. (2008). Breboka. Oslo, Den Norske Turistforening.




mandag 31. mars 2014

Eigenferd, 17.-21.mars

17.-21. mars skulle eg og to medelevar på eigenferd. Rammene var nordisk skiferdsle over fem heile dagar med minimum fire overnattingar. Overnattingane skulle vere ute i telt, gapahuk, snøhole eller liknande. Vi planla vinterturen vår frå Turtagrø i Luster til Seimsdalen i Årdal. 


Ingen skam å snu

På eigenferda møtte vi som gruppe på nokre utfordringar som førte til at vi måtte vike frå den opparbeidde turplanen vår. Dårleg vêr dag

1 resulterte for vår del i utsett start. Vi var allereie i etterkant den første dagen, men med ein dag med planlagt snøholegraving hadde vi moglegheit til å hente oss inn att i løpet av turen. Vi hadde sett oss ein plan B om å snu dersom vi ikkje hadde kome til eit visst punkt innan onsdagen. 

Her har vi akkurat teke avgjersla om å la den kritiske nedkøyringa få stå i fred, 
og er nøgde med det.
Foto: Lena Straume 

Ein god turplan er viktig å utarbeide òg ved nordisk skiferdsle. På slike turar kan ein møte dei fleste vêrforhold og må vere godt rusta for uvêr. Ein regel for fjellskilauparar er å ikkje bevege seg i utlaupssoner der det kan gå skred (Horgen, 2010). Kritiske områder med førebyggingstiltak som til dømes 1:3-normen (Horgen, 2010;207) må særskilt kome fram i turplanen. Ein skal òg ha med planlagde dagsetappar med plan A, B og kriseplan. I tillegg kan det vere lurt å ha med planlagt camp for dei ulike dagane. Dette er eit godt reiskap for orientering og det kan bli enklare å vurdere enkeltheng og gjer ruteendringar undervegs, tilpassa situasjonen. I tillegg kan det vere eit reiskap for å mentalt forberede seg på dagsetappane.

Det var særskilt dag 1 og 2 vi skulle bevege oss rundt skredfarleg terreng og måtte ta førehandsreglar omkring dette. Vi skulle ned omlag 200 hm i eit terreng som var på grensa til å ferdast i som fjellskilaupar. Terrenget var rett under 30 grader helling, som i utgangspunktet tilsa at vi som fjellskilauparar kunne ferdast her. Då vi kom til dette området måtte vi vurdere nøye om vi i det heile tatt ville setje utfor denne utforkøyringa. Det såg brattare ut enn vi ønskte å køyre ned med pulk. Vi visste at framdrifta var middels og at vi nesten låg ein dagsetappe bak turplanen vår. Desse 200hm var på grensa til å kome seg ned med pulk og fjellski, og vi var lite lystne på å eventuelt måtte snu og gå opp att denne "bratte" sida allereie neste dag (onsdagen).

Vi hadde sett mykje på kartet før vi reiste på tur og konkludert med at det var mogleg å ferdast ned denne fjellsida på fjellski. Då vi var i området sa likevel magekjensla vår at vi ikkje burde køyre ned denne sida med utstyret vårt. I turplanen var området beskrive som kritisk, då det var eit parti over 30 grader som vi særskilt skulle holde avstand til. Dette hjelpte oss til å vere ekstra førevar og obs på å vurdere fjellsida som gruppe då vi kom til området. Sjølv om ein i teorien kunne ferdast her på fjellski, opplevde vi som fjellskilauparar at 23-28 graders helling i 200hm kjennes for bratt ut i enkelte situasjonar.

Sol i Soleibotn.
Foto: Lena Straume
I møte med denne fjellsida valde vi heller å følge magekjensla og halde oss innanfor komfortsona, enn å ta utrygge val. Målet med turen var å ha det kjekt og kose seg på tur. Vi var samde om avgjersla og fann oss heller ein trygg camp med majestetisk utsikt mot Soleibotntind i solskinnsvêr. Neste dag fekk vi vite at det var meldt 100mm nedbør og skredfare 4 i området dei neste dagane. Dette resulterte i at vi "evakuerte" og reiste heim ein dag tidlegare enn planlagt - før uvêret slo inn for fult. På denne turen har vi gjort oss fleire gode erfaringar med fjellvettregel nr. 8 "Vend i tide, det er ingen skam å snu." (Fjellvettreglene, u.å). 


DNT. (u.å) Fjellvettreglene. Lasta opp 13.04.14 frå http://www.turistforeningen.no/fjellvettreglene/

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget