![]() |
Lusegras |
Familie: Kråkefotfamlien
Lusegraset kan vere grøn eller gulgrøn i fargen og har forholdsvis stiv, litt tjukk stilk. Den kan minne litt om eit slags bartre med nålene sine. Planten veks i klynger med fleire stilkar som stikk opp frå same stad og blir 5-20cm lang. Den er ofte smalare nedst, enn i toppen der bladene pressa inn mot stilken og ikkje ut mot sidene. Dersom ein studerer den nøye, kan ein sjå små, brune prikkar mellom bladene. Desse prikkane kan minne om lus, og er ein god regel på å hugse namnet. Lusegraset likar seg i barskogen i låglandet og på fjellet veks den på fuktige stader (Kristoffersen, 2007).
Lusegraset er giftig og har vore brukt mot hodelus ved at ein laga eit avkok av det (Kristoffersen, 2007). Dersom ein plukkar opp eit lusegras kan du sprette av yngelknoppene i toppen ved å trykke på dei yttste blada som stikk ut.
Familie: Sildrefamilien
Stjernesildre er ei svært vanleg plante i høgfjellet og er ein vakker liten blome. Den har eit hint av rosa i stilken, som er hårete og greinete øvst. Begerblada er grøne og taggete og dei fem kvite kronblada er splitta. Stjernesildra har karakteristiske gule eller raude flekkar nedst på kronblada. Den har eit rosa fruktemne i midten som kan minne om ein trutmunn. Stjernesildra liknar ei stjerne med kronblada sine, og likar seg der det sildrar vatn, der kjem kanskje namnet stjernesildre frå. Den veks i snøleier, myr, kjelder, grus og bekkekanter (Kristoffersen, 2007).
Blålyng er ein oppreist dvergbusk som kan minne om krekling-planten når den ikkje har blomar. Blålyngen har litt større blader enn kreklingen, og istadenfor bær, så finn ein fine blomar i toppen av blålyngen. Blomane stikk opp med ein eigen stilk øvst på planten. Blomane er klokkeforma og endrar farge iløpet av sesongen. Fargen går frå raudleg til raudfiolett og seinast får den ein blåleg farge. Blålyngen likar seg i lyngskog og hei, og veks ofte saman med blåbærlyng (Kristoffersen, 2007).
EINER (Juniperus commúnis)
Familie: Sypressfamilien
![]() |
Einer Foto: Johanne Førland Russdal-Hamre |
Einer har hatt mange ulike bruksområde. Den har vore brukt i urtemedisin, som krydder og homeopatisk middel. Ein brukte å lage eit avkok av einerbusken, einerlåg. Einerlågen inneheldt antiseptiske stoff og vart brukt til blant anna hårvask. Den inneheld eteriske oljer som ein meiner kan virke lindrande mot alt i frå urinvegsinfeksjon til revmatiske plager (Hjelmeland, 2011). Einerbusken har ei frisk duft og gir ein god kryddersmak. I dag blir den brukt til å setje god duft i såper og parfymar, og den brukast som krydder i mange matrettar og enkelte brennevinsortar.
DUSKULL (Eriophorum angustifolium)
Familie: Halvgressfamilien
Duskull |
Ulla kan ein bruke som lysveike, og den har vore brukt til å fylle puter med før i tida. Duskullen har vore brukt til å lage papir av (Duskmyrull, 2013).
KANTARELL
Kantarell er ein av dei sikraste matsoppane vi kan finne i skogen. Den er lett å kjenne att og kan ikkje forvekslast med soppar som er giftige eller ikkje etande. Kantarell er ein skivesopp med karakteristisk gul eller eggegul farge. Den kan gjennkjennast ved at den har skiver, eller riller som går fra hatten og nedover stilken utan ein markert ring i slutten. Soppen er flott og traktforma når den har fått stått ei stund, men yngre eksemplar kan vere meir runde og nedoverretta i hatten. Kantarellen er forholdsvis sprø og kan lett delast i to med hendene. Den har kvitt kjøt og ei søt lukt (Soppgleder).
MOLTE (Rubus chamaemorus)
Familie: Rosefamilien
Molteblomst Foto: Asbjørn Klakeg Forland |
Moltebær |
"Multe, Rubus chamaemorus L (Rosaceae-familien), har i vårt land fra gammel tid vært betraktet som den gjeveste av alle ville bær. " (Thiem & Berge, 2003). Molte er rik på C-vitamin og inneheld benzosyre, eit naturleg konserveringsmiddel som gir god holdbarheit. Molta er god på smak og vert sett på som ein delikatesse mange stader. Mange stader i Noreg er moltekrem ein dessert som vert servert i jula.
VANLIG MARIKÅPE (Alchemilla vulgaris)
Familie: Rosefamilien
Marikåpe kan delast inn i fleire små-artar som skiljast på bladforma. Vanlig marikåpe har store, taggete og samanhengande blad som dannar ei slags skål i botn av bladet, medan fjellmarikåpa har fem små, splitta blad. Blomane er tette, små og gulgrøne utan kronblad.
Marikåpe og fjellmarikåpe i harmoni |
Felles for marikåpe er at dei inneheld mykje garvestoffer. Den vanlege marikåpa har vore brukt til mange sjukdomar og plager, og i følge Hjelmeland (2011) fungerer truleg fjellmarikåpa mot dei same plagene. Den skal blant anna vere urindrivande, krampeløysande, blodstillande, sårhelande og menstruasjonsregulerande (Hjelmeland, 2011).
MEANDRERENDE ELV
Meander |
YTRE PROSESSAR SOM FORMAR LANDSKAPET
Isbreane har sett sitt preg på landskapet. |
KJELDER
Hjelmeland, R. (02.04.2011). Einer. I urtekilden. Henta 21. september 2013 frå http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/juni_com.htm
Hjelmeland, R. (22.09.2013). Fjellmarikåpe. I urtekilden. Henta 30. september 2013 frå http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/juni_com.htm
Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Vigmostad & Bjørke AS, Bergen
Nyttevekster. Duskmyrull. Henta 21. september 2013 frå http://nyttevekster.wikidot.com/duskmyrull
Soppgleder. Ekte kontra falsk kantarell. Henta 21. september 2013. http://www.soppgleder.no/index.php?p=1_81_Ekte-kontra-falsk-kantarell
Thiem, B. Berge, V. (26..06.2003). Multe - viktig kilde til antioksidanten ellaginsyre. I Tidsskrift for den norske legeforening. Henta 30. september 2013 frå http://tidsskriftet.no/article/842040/
Trømborg, D. (2007). Geologi og landformer i Norge. Oslo: Landbruksforlaget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar