mandag 31. mars 2014

Eigenferd, 17.-21.mars

17.-21. mars skulle eg og to medelevar på eigenferd. Rammene var nordisk skiferdsle over fem heile dagar med minimum fire overnattingar. Overnattingane skulle vere ute i telt, gapahuk, snøhole eller liknande. Vi planla vinterturen vår frå Turtagrø i Luster til Seimsdalen i Årdal. 


Ingen skam å snu

På eigenferda møtte vi som gruppe på nokre utfordringar som førte til at vi måtte vike frå den opparbeidde turplanen vår. Dårleg vêr dag

1 resulterte for vår del i utsett start. Vi var allereie i etterkant den første dagen, men med ein dag med planlagt snøholegraving hadde vi moglegheit til å hente oss inn att i løpet av turen. Vi hadde sett oss ein plan B om å snu dersom vi ikkje hadde kome til eit visst punkt innan onsdagen. 

Her har vi akkurat teke avgjersla om å la den kritiske nedkøyringa få stå i fred, 
og er nøgde med det.
Foto: Lena Straume 

Ein god turplan er viktig å utarbeide òg ved nordisk skiferdsle. På slike turar kan ein møte dei fleste vêrforhold og må vere godt rusta for uvêr. Ein regel for fjellskilauparar er å ikkje bevege seg i utlaupssoner der det kan gå skred (Horgen, 2010). Kritiske områder med førebyggingstiltak som til dømes 1:3-normen (Horgen, 2010;207) må særskilt kome fram i turplanen. Ein skal òg ha med planlagde dagsetappar med plan A, B og kriseplan. I tillegg kan det vere lurt å ha med planlagt camp for dei ulike dagane. Dette er eit godt reiskap for orientering og det kan bli enklare å vurdere enkeltheng og gjer ruteendringar undervegs, tilpassa situasjonen. I tillegg kan det vere eit reiskap for å mentalt forberede seg på dagsetappane.

Det var særskilt dag 1 og 2 vi skulle bevege oss rundt skredfarleg terreng og måtte ta førehandsreglar omkring dette. Vi skulle ned omlag 200 hm i eit terreng som var på grensa til å ferdast i som fjellskilaupar. Terrenget var rett under 30 grader helling, som i utgangspunktet tilsa at vi som fjellskilauparar kunne ferdast her. Då vi kom til dette området måtte vi vurdere nøye om vi i det heile tatt ville setje utfor denne utforkøyringa. Det såg brattare ut enn vi ønskte å køyre ned med pulk. Vi visste at framdrifta var middels og at vi nesten låg ein dagsetappe bak turplanen vår. Desse 200hm var på grensa til å kome seg ned med pulk og fjellski, og vi var lite lystne på å eventuelt måtte snu og gå opp att denne "bratte" sida allereie neste dag (onsdagen).

Vi hadde sett mykje på kartet før vi reiste på tur og konkludert med at det var mogleg å ferdast ned denne fjellsida på fjellski. Då vi var i området sa likevel magekjensla vår at vi ikkje burde køyre ned denne sida med utstyret vårt. I turplanen var området beskrive som kritisk, då det var eit parti over 30 grader som vi særskilt skulle holde avstand til. Dette hjelpte oss til å vere ekstra førevar og obs på å vurdere fjellsida som gruppe då vi kom til området. Sjølv om ein i teorien kunne ferdast her på fjellski, opplevde vi som fjellskilauparar at 23-28 graders helling i 200hm kjennes for bratt ut i enkelte situasjonar.

Sol i Soleibotn.
Foto: Lena Straume
I møte med denne fjellsida valde vi heller å følge magekjensla og halde oss innanfor komfortsona, enn å ta utrygge val. Målet med turen var å ha det kjekt og kose seg på tur. Vi var samde om avgjersla og fann oss heller ein trygg camp med majestetisk utsikt mot Soleibotntind i solskinnsvêr. Neste dag fekk vi vite at det var meldt 100mm nedbør og skredfare 4 i området dei neste dagane. Dette resulterte i at vi "evakuerte" og reiste heim ein dag tidlegare enn planlagt - før uvêret slo inn for fult. På denne turen har vi gjort oss fleire gode erfaringar med fjellvettregel nr. 8 "Vend i tide, det er ingen skam å snu." (Fjellvettreglene, u.å). 


DNT. (u.å) Fjellvettreglene. Lasta opp 13.04.14 frå http://www.turistforeningen.no/fjellvettreglene/

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget