17.-21. mars skulle
eg og to medelevar på eigenferd. Rammene var nordisk skiferdsle over fem heile
dagar med minimum fire overnattingar. Overnattingane skulle vere ute i telt,
gapahuk, snøhole eller liknande. Vi planla vinterturen vår frå Turtagrø i
Luster til Seimsdalen i Årdal.
Ingen skam å snu
På eigenferda møtte
vi som gruppe på nokre utfordringar som førte til at vi måtte vike frå den
opparbeidde turplanen vår. Dårleg vêr dag
1 resulterte for vår del i utsett start. Vi var allereie i etterkant den første dagen, men med ein dag med planlagt snøholegraving hadde vi moglegheit til å hente oss inn att i løpet av turen. Vi hadde sett oss ein plan B om å snu dersom vi ikkje hadde kome til eit visst punkt innan onsdagen.
![]() |
Her har vi akkurat teke avgjersla om å la den kritiske nedkøyringa få stå i fred,
og er nøgde med det.
Foto: Lena Straume
|
Ein god turplan er
viktig å utarbeide òg ved nordisk skiferdsle. På slike turar kan ein møte dei
fleste vêrforhold og må vere godt rusta for uvêr. Ein regel for
fjellskilauparar er å ikkje bevege seg i utlaupssoner der det kan gå skred
(Horgen, 2010). Kritiske områder med førebyggingstiltak som til dømes
1:3-normen (Horgen, 2010;207) må særskilt kome fram i turplanen. Ein skal òg ha
med planlagde dagsetappar med plan A, B og kriseplan. I tillegg kan det vere
lurt å ha med planlagt camp for dei ulike dagane. Dette er eit godt reiskap for orientering og det kan bli enklare å
vurdere enkeltheng og gjer ruteendringar undervegs, tilpassa situasjonen. I
tillegg kan det vere eit reiskap for å mentalt forberede seg på dagsetappane.
Det var særskilt dag
1 og 2 vi skulle bevege oss rundt skredfarleg terreng og måtte ta førehandsreglar
omkring dette. Vi skulle ned omlag 200 hm i eit terreng som var på grensa til å
ferdast i som fjellskilaupar. Terrenget var rett under 30 grader helling, som i
utgangspunktet tilsa at vi som fjellskilauparar kunne ferdast her. Då vi kom
til dette området måtte vi vurdere nøye om vi i det heile tatt ville setje
utfor denne utforkøyringa. Det såg brattare ut enn vi ønskte å køyre ned med
pulk. Vi visste at framdrifta var middels og at vi nesten låg ein dagsetappe
bak turplanen vår. Desse 200hm var på grensa til å kome seg ned med pulk og
fjellski, og vi var lite lystne på å eventuelt måtte snu og gå opp att denne
"bratte" sida allereie neste dag (onsdagen).
Vi hadde sett mykje
på kartet før vi reiste på tur og konkludert med at det var mogleg å ferdast ned
denne fjellsida på fjellski. Då vi var i området sa likevel magekjensla vår at
vi ikkje burde køyre ned denne sida med utstyret vårt. I turplanen var området
beskrive som kritisk, då det var eit parti over 30 grader som vi særskilt skulle
holde avstand til. Dette hjelpte oss til å vere ekstra førevar og obs på å
vurdere fjellsida som gruppe då vi kom til området. Sjølv om ein i teorien
kunne ferdast her på fjellski, opplevde vi som fjellskilauparar at 23-28
graders helling i 200hm kjennes for bratt ut i enkelte situasjonar.
![]() |
Sol i Soleibotn. Foto: Lena Straume |
I møte med denne
fjellsida valde vi heller å følge magekjensla og halde oss innanfor
komfortsona, enn å ta utrygge val. Målet med turen var å ha det kjekt og kose
seg på tur. Vi var samde om avgjersla og fann oss heller ein trygg camp med
majestetisk utsikt mot Soleibotntind i solskinnsvêr. Neste dag fekk vi vite at
det var meldt 100mm nedbør og skredfare 4 i området dei neste dagane. Dette
resulterte i at vi "evakuerte" og reiste heim ein dag tidlegare enn
planlagt - før uvêret slo inn for fult. På denne turen har vi gjort oss fleire
gode erfaringar med fjellvettregel nr. 8 "Vend i tide, det er ingen skam å
snu." (Fjellvettreglene, u.å).
DNT. (u.å) Fjellvettreglene.
Lasta opp 13.04.14
frå http://www.turistforeningen.no/fjellvettreglene/
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning
vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar