Kameratredning på bre
På brekurset fekk vi
demonstrert av vegleiarane korleis ein gjennomfører enkel redning på
bre. Påfølgande dag gjekk vi ut på Tuftebreen for å prøve sjølv. Vi brukte enkel hjelpetaljemetode basert på at
taulaget hadde med seg ekstra redningstau. Ei redning på bre består
av avlasting, hjelpetalje og heising. Det er viktig at taulaget heile
tida held hovudtauet stramt, særskilt før avlasting.
![]() |
Vegleiarane demonstrerer redning. Foto: Jonas Lillebø
|
Etter avlastinga tek den
fremste personen, som ikkje er i sprekka, og binder fast
redningstauet til isskruen i ein ny karabin. Her bruker ein ei
åttetalsknute på enden av tauet. Deretter festar personen ein
skrukarabin på redningstauet og sender tauet med skrukarabinen ned i
sprekka. Dette er ein enkel hjelpetalje (Haslene, 2008). Det er viktig
at personen held kontakt med den forulykka heile vegen, og informerer
om kva som kjem til å skje (Haslene, 2008).
![]() |
Kameratredning på bre. Foto: Jonas Lillebø
|
Den forulykka får beskjed
om å feste skrukarabinen til sentralløkka og er så klar til å
heisast opp (Haslene, 2008). Taulaget dreg roleg i redningstauet for å
få opp den falne. Det er viktig at dette skjer roleg og kontrollert,
då den falne skal stramme inn klemknuta si undervegs for å unngå
og falle langt dersom redningstauet skulle ryke.
Under avlasting er det
viktig at dei bakerste i taulaget held hovudtauet stramt og fint
heilt til dei får beskjed om å avlaste tauet, om ikkje kan det bli
vanskeleg for den som jobbar med avlastinga. Hjelpetaljen er den
enklaste metoden, og fungerer godt i eit taulag på 4 personar, eller
meir. Framleis bør taulaget haldast forholdsvis stramt, for at det
ikkje skal få for stort rykk dersom hjelpetaljen er bygd feil. Under
heising vil ein òg halde tauet stramt, for å unngå for stort rykk
ved eit eventuelt nytt fall i denne fasen.
Her strammar vi taulaget i eit sprekkeområde på Nigardsbreen
ved hjelp av klemknutane våre. Foto: Ragni K. Odéen
|
Kjelder:
Haslene, S. (2008). Breboka. Oslo: DNT fjellsport
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar