Kanotur
22.-24. august 2013, B2 Friluftsliv
Då
skulen starta opp bar det nærmast direkte på kanotur med
friluftslivsklassa. Det var mange gamle, kjente fjes i klassa, men òg
ein gjeng med nye studentar som vi gleda oss til å bli kjende med.
Turen starta med gjennomgang av turplan og grupper på onsdagen og
fortsette på Kaupanger torsdags føremiddag då vi padla frå
Amlaholten til Holm. Då vi ankom Holm møtte vi ein leirstad som var hardt prega av at andre hadde teke seg til rette på staden før oss. Dette er eit friluftslivsområde som er opent for alle, og det er etablert fleire bålgruer på staden frå før av. Det er ein fin stad å vera, men synet som møtte oss gav ikkje inntrykk av at sporlaus ferdsle er ein sjølvsagt opptreden.
Sporlaus ferdsle
Om
ein kjem til eit urørt område kjenner ein, om mogleg, endå betre
på den gode kjensla av at ein verkeleg er ute i naturen dersom ein
ikkje ser spor etter andre folk. Å leggje att minst mogleg spor i
naturen er ein fin måte å ta vare på, og gi gode opplevingar til
andre som ferdast i området seinare. I Noreg er vi heldige å ha
friluftslova (Friluftsloven (1957), §11). Ei unik lov om allemannsretten - retten til å ferdast
fritt i utmark som vi må ta vare på. Med desse rettane følgjer ein
god del plikter som vi, som friluftsfolk må ta omsyn til. Ei av
desse pliktane er prinsippet om sporlaus ferdsle. Når vi ferdast i
naturen bør det vere ei sjølvfølgje å halde på prinsippet om
sporlaus ferdsle (Aktiv i Oslo).
Då vi
kom til Holm fekk vi oss ei ordentleg lekse i korleis ein absolutt
ikkje skal forlate leirstaden. Her var mykje tomgods, plastposar og anna søppel som flaut rundt etter sommaren. Vi kom fort fram til at vi ikkje ville bu i dette rotet dei neste tre dagane, og starta prosjekt "sporlaus ferdsle". Etter eit raid for
å rydde leirstaden enda vi opp med fleire bæreposar med søppel. Slik som dette
var vi alle einige om at vi aldri ville la det sjå ut etter
oss. Då vi hadde pakka saman og var klare til å padle
heim att på lørdagen, tok vi ein siste sjekk i området rundt
leirstaden for å få med oss eventuelle "spor" frå oss sjølv og andre. Eg var i
den siste kanoen som forlet land, og det siste eg gjorde før eg
sette meg i kanoen var å plukke opp to metallboksar som låg i
fjæra.
Ein
gylden regel er at du forlet staden slik det var då du kom, om ikkje finare. Sporlaus
ferdsle omhandlar ikkje nødvendigvis berre å ta med seg søppel
heim. Sporlaus ferdsle handlar om at ein forlet naturen mest mogleg uberørt. Å rydde bort og gøyme eventuelle gapahukar og bålgruer er difor fin politikk (Aktiv i Oslo). Ein bør òg tenkje nøye gjennom mellom anna bruk av toalettpapir og korleis halde vatn reint i området til andre kjem. Dersom det allereie fins ei grue i nærleiken, bruker ein denne (Moe). Om ikkje kan ein unngå å lage synlege bålstader ved å bruke nokre enkle triks. Ein god bålstad er lagt på jord eller sand, eit godt stykke frå brennbart materiale. Det øvste laget er gravd opp før ein etablerer bålet og ein ønskjer å ha minst mogleg bål. På denne måten er det enkelt å dekke over grua når ein forlet staden (Turliv, 2007)
"Vi har i mange år hatt en innstilling om at det eneste som skal ligge igjen etter oss i naturen, om det ikke er mulig å unngå, er fotspor." (Turliv, 2007) Dette er ein god hugseregel for å ferdast sporlaust. Ein anna hugseregel kan vere "det du tar med deg inn i naturen, tar du med deg ut att". For kor mange kalorier bruker du eigentleg på å ta med deg embalasjen din heim att? Eller lage eit bål som er enkelt og dekke til når ein drar? Det er ikkje embalasjen, men innhaldet som gjer utslag for vekta på sekken. Innhaldet har du stort sett tømt iløpet av turen, så det burde ikkje vere eit problem å få med seg embalasjen heim att. Ta vare på miljøet, og gjer det hyggeleg for andre ved å tenkje sporlaus ferdsle.
Alt søppelet som låg strødd på Holm var ei uhyggeleg oppleving, og eg unnar ingen andre denne. Det er ikkje meininga at vi skal gå å rydde opp etter andre før vi kan kose oss i naturen. Sporlaus ferdsle handlar om så mykje meir enn å etterlate søppel i naturen. Tenk på kvar du tømmer oppvask-vatn og etablerer bål, og korleis det kan sjå mest mogleg uberørt ut neste gong du er på tur. Det einaste vi ønskjer å etterlate oss i naturen er fotspor.
Kjelder:
Aktiv i Oslo. Allemannsretten - Lær mer om din rett til å ferdes i naturen. (Internett) Lasta opp 02.10.13 frå http://www.aktivioslo.no/info/allemannsretten/
Lov om friluftslivet (friluftsloven) (1957). (1996). Lov, 28. juni 1957 nr. 16, om ferdselsrettens utøving og innskrenkninger i ferdselsretten m.v. Oslo: Miljøverndepartementet
Moe, N. Bål og opptenning. (Internett) Lasta opp 02.10.13 frå http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1399995&within_tid=1399355
Turliv. (2007). Sporløst friluftsliv. (Internett) Lasta opp 02.10.13 frå http://www.turliv.net/ferdigheter/files/71f791e7119eec34efc861d3a126d743-2.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar