Som 3. års studentar skulle vi for første gong få
prøve oss i rettleiarrolla, for studentar på B1 idrett og B2 friluftsliv. Saman
med ein medstudent, fekk eg med meg tre førsteårsstudentar og to andreårs-studentar. B3 hadde hovudansvar
for å planlegging, gjennomføring og evaluering av turen. Vi hadde lite
kjennskap til gruppa og deira føresetnadar med enkelt friluftsliv (enkelt
leirliv med gapahuk og bål). Dette gjor at vi heile tida måtte tilpasse rolla
vår etter situasjonen. I friluftslivspedagogikken vert det ofte beskriven som
situasjonsbestemt leiarstil.
Priest og Gass (2005) beskriver tre ulike
leiarstilar som kan nyttast i friluftslivet. Autokratisk, demokratisk og
abdikratisk leiarstil beskriv kva for grad av involvering leiaren skal ha ved
gjennomføring av ei oppgåve. Ein kan på førehand ha planlagt kva for rolle ein
ønskjer å ta, men ute i naturen kan ein aldri kontrollere alle forhold som
spelar inn på situasjonen – og kan vere nøydt til å endre leiarstil ut i frå
forholda (Priest og Gass, 2005). Dette kallast òg situasjonsbestemt leiing. Eg
vil vidare beskrive korleis vi brukte dei ulike leiarstilane då vi sjølv var
rettleiarar.
![]() |
Foto: Ragni K. Odéen Orientering over skoggrensa dag 2, her hadde B1 studentene ansvar for orientering. |
I planleggingsfasen hadde vi sett oss ut ei rute vi
skulle følgje til første leir. Likevel let vi studentane sjå på kartet og finne
ruter som kunne leie oss til leirstaden, dette før vi avslørte vårt forslag.
Studentane kom med forslag, men vi valde å ta det siste ordet då vi ønska å
følgje ein skogssti, heller enn ein grusveg (som nok var enklaste rute). Denne
måten å konsultere på, kallar Priest og Gass (2005) for demokratisk leiarstil. Ein opnar opp for forslag og diskusjon i
gruppa, men leiar tar den endelige avgjerdsla.
![]() |
Foto: Ragni K. Odéen Topptur på Store Haugmelen var en del av turen vår. |
Vi hadde på førehand tankar om at B2 studentane
skulle ha tileigna seg erfaring med orientering i løpet av hausten, og valde å
ta utgangspunkt i at dei skulle få ei slags rettleiarrolle overfor B1
studentane då vi jobba med dette temaet. Vi ønska å ha ei abdikratisk rolle i
denne situasjonen, og ville la studentane ha stor grad av styring sjølv. Ved
ein abdikratisk leiarrolle er vi mest
tilstade for å observere, og lar gruppa sjølv ta eigne avgjersler. Vi kunne
tillate oss denne rolla, då vi hadde nokså gode forhold og gruppa viste seg å
ha gode føresetnadar for å styre orienteringa sjølv.
Den autokratiske leiarstilen var vi ikkje innom i
løpet av turen. Vi hadde stort sett gunstige forhold ut i frå våre og
studentane sine føresetnadar. I undervisning i friluftslivet vert denne helst brukt
når forholda er dårlege. Autokratisk stil gir leiaren stor grad av styring, og
brukast når det er lite rom for å gjere feil (Priest og Gass, 2005).
![]() |
Foto: Connie Jakobsen Myking Hygge rundt bålet. |
Det var lite risiko knytt til skogsturen vår, som
ikkje gjor det nødvendig å tre inn i denne rolla. Dersom det hadde skjedd eit
uhell, eller nokon hadde skada seg under turen, hadde forholda i gruppa endra
seg og vi som rettleiarar måtte kanskje ha tredd inn i ei meir autokratisk
rolle for å få kontroll på situasjonen.
Referanser
Priest, S. og Gass, M.A.
(2005). Effective Leadership in Adventure Programming. Human
Kinetics.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar