onsdag 1. oktober 2014

Litle Færøy, Solund, 1.-4. september

Første veka i september reiste B3 FL ut i havgapet til Litle Færøy, utanfor Hardbakke i Solund. Eit mål for turen var å få erfaring knytt til kystfriluftsliv, med mellom anna kajakkpadling og bruk av tradisjonsbåtar. Desse dagane fekk vi sjå på både gamle grindverksbygg og ulike båtbyggjartradisjonar, frå gammalt av. Dette er historiske byggteknikkar som i dag går innanfor det vi kallar kulturminne. Dette blogginnlegget vil handle om kulturminner knytt til friluftsliv og læring i friluftslivet.

Foto: Ragni K. Odéen
Fuglesteg i Luster er ein gard verna av kulturminneloven (1979).

Kulturminner og friluftsliv

Kulturminneloven § 2. (1979) beskriver kulturminner som følgende: “Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.”. Videre beskriver St.meld. nr. 39. (Klima- og miljødepartementet, 2000) at samfunnet er i endring, og vi opplever at dei nye generasjonane si tilknyting til natur- og kulturarven blir svekt”. Korleis kan vi som friluftslivsrettleiarar påverke dette i ein positiv retning?
Eg hugsar sjølv at kulturminner vart brukt i grunnskulen, utan at eg kunne definere eit kulturminne på denne tida. Ekskursjonar til gardstun frå 1700-talet, til vikinggardar og oppsøking av helleristingar, sit som spikra fast i meg, som minner frå barneskulen. Vi levde oss tilbake i tidene, kledde oss om, åt vassgraut og slo gras med ljå. Tilbake på skulen laga vi våre eigne helleristingar og jobba vidare med dei historiske tidene. Vi hadde personlege minner og knaggar å feste kunnskapen til.
Foto: Svein Erik FristadEin Sunnfjordsfæring

I prosjektet ”Landskapsopplevelse og kulturlandskapsvern” har ein sett på korleis turgåarar opplev kulturhistoriske fenomen i landskapet (Klepp, 1994). Mange viste seg å ha eit positivt forhold til vern av kulturminner. Eit kulturminne kan være kritikk eller kommentar til notida (Klepp, 1994). Vi kan bruke kulturminner til å reflektere over kor godt vi har det i dag, eller i kva for retning utviklinga fører oss. Det kjem ofte fram at vi i tidlegare kultur hadde eit meir naturleg forhold til naturen (Klepp, 1994). Med kulturminner får vi moglegheit til å leve oss tilbake inn i fortida, for ein kortare periode.
Kulturminner er eit godt argument for å ta undervisninga ut av klasserommet, og kalla uteskule. Uteskule er ikkje nødvendigvis undervisning ute i naturen, men å ta undervisninga ut frå klasserommet (Jordet, 2012). St.meld. nr. 39. (Klima- og miljødepartementet, 2000) definerer friluftsliv som all utandørs fysisk aktivitet i område der det er rom for naturopplevingar”. Ved å inkludere kulturminner i friluftslivet gir det rom for endå meir læring, enn berre å vere til stades i naturen. Dette er også eit godt verkemiddel for å lære turistar, både norske som utanlandske, om norsk historie og tradisjonar. Eg meiner vi som friluftslivsrettleiarar har eit ansvar for å bruke kulturminner aktivt når vi har med oss grupper ute i naturen.


Referanser

Jordet, A. N. (2012). Klasserommet utenfor: Tilpasset opplæring i et utvidet           klasserom. Oslo: Cappelen Damm AS

Kulturminneloven. LOV-1978-06-09-50. (1979). Hentet fra http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50

Stortingsmelding nr. 39. Friluftsliv – ein veg til høgare livskvalitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar