torsdag 14. november 2013

Rettleiartur 9.-11. oktober

Bål

Eit av høgdepunkta med rettleiarturen var å lage ordentleg, god mat på bål. Rettleiarane skulle sørgje for å handle inn middag til første dag, og vi hadde ansvar for den andre middagen. For å lage mat nytta vi stort sett bål, men fekk òg prøve ut kokegrop. I dette innlegget vil eg fortelje litt om min eigne erfaring med bålbrenning og saman med faglitteratur reflektere om korleis ein blir god til å fyre bål.

Bolledeig på pinne var suksess!
Foto: Ragni K. Odéen

For å få til eit godt bål meinar eg det trengst ein dose tålmod og gjerne nokre lure triks på handa. Etter eit år på folkehøgskule med friluftsliv skulle ein tru at eg var blitt ein "racer" på å fyre bål. Den gong ei. Det er først etter at eg byrja å studere at eg har lært meg småtriks som gjer at eg kan fyre bål heilt åleine. På folkehøgskulen var det andre som var flinkare enn meg, så eg trakk meg vel heller unna og lot dei styre på. Heldigvis vart eg vaksnare med åra, og på rettleiarturen vart det bål med kun ei fyrstikk!

Ein grunnleggjane kunnskap for å få til eit bål er branntrekanten (brannvettskolen.no). Det trengs brennbart materiale, oksygen og energi (varme). For å få veden til og brenne, må vi tilføre varmeenergi til den når "tenn-temperaturen". Etter dette vil veden brenne av seg sjølv og avgi spontan varme til det brennbare materialet rundt (Seland, 2000). Det er lurt å ha eit godt lager med tørt materiale i ulik tjukkleik før ein skal setje fyr på bålet (Seland, 2000). Før ein kan få fyr på dei store vedkubbane bør ein starte med småkvister og stadig leggje på større materiale. Tips til opptenningsved er bjørkenever, små, tørre furu- eller grankvister og anna tørt, smått materiale (Seland, 2000). Legg småkvistene og neveren i ein liten haug, men sørg for å ha litt på lur ved sida av til å "mate" bålet med. Deretter kan du lage ein pagode eller kjegleformasjon(pyramide) med litt større kvister (Seland, 2000). Sørg for at det er nok tilgong til oksygen før du tenner på.


Småkvist og never.
Foto: Ragni K. Odéen

Min erfaring med å fyre bål er at du lærer best av å prøve sjølv og ikkje ver redd for å spør om tips eller gjer feil. Ein lærer av erfaring. For å få fyr på bålet med kun ei fyrstikk gjeld det å vere nøye med grunnarbeidet. Her har Seland (2000) fleire gode småtips. Tørr bjørkenever er kanskje det beste trikset, meiner eg. Kombinert med litt tørre furukvister og tyrived har ein eit godt grunnlag for opptenning. Eg likar godt å bruke metoden der ein byggjer ein pagode, istadenfor eit kjeglebål, som Seland (2000) beskriv. Ein byggjer opp ein firkat med to og to parallelle kvister og fyrer opp i midten. Etterkvart byggjer ein opp med større materiale. Pagodebålet opplev eg som meir stabilt enn pyramidebålet og eignar seg godt for å setje kjelar til matlaging på. I tillegg er det denne type bål eg personleg har mest erfaring med.

Skal ein bli godt til å fyre bål gjeld det først og fremst å interessere seg for det. Deretter må ein ta til seg alle små tips og triks frå meir erfarne bålbrennarar. Hugs på branntrekanten. Om ein av faktorane manglar, blir det ikkje bål. Tørt materiale er òg essensielt for å få fyr på bålet. Til slutt gjeld det, som med det meste anna, å skaffe seg erfaring med bålbrenning og finne ut korleis du vil byggje opp bålet ditt. Ta med deg ein venn ut i skogen og kos deg rundt bålet!

Grunnlaget blir lagt med utsikt mot Sognefjorden.
Foto: Ragni K. Odéen



Kjelder

Brannvettskolen.no. Hva er brann? [Internett] henta frå http://www.brannvettskolen.no/Ungdomstrinnet/Brannfysikk/Hva-er-brann 14. november, 2013

Seland, J. (2000). Ild og Bål. I Ut, naturligvis! Barn, natur og uteaktiviteter, red. Furuset, K. DMMHs publikasjonsserie, Trondheim.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar