LUSEGRAS - (Hurpezia selago)
 |
Lusegras |
Familie: Kråkefotfamlien
Lusegraset kan vere grøn eller gulgrøn i fargen og har forholdsvis stiv, litt tjukk stilk. Den kan minne litt om eit slags bartre med nålene sine. Planten veks i klynger med fleire stilkar som stikk opp frå same stad og blir 5-20cm lang. Den er ofte smalare nedst, enn i toppen der bladene pressa inn mot stilken og ikkje ut mot sidene. Dersom ein studerer den nøye, kan ein sjå små, brune prikkar mellom bladene. Desse prikkane kan minne om lus, og er ein god regel på å hugse namnet. Lusegraset likar seg i barskogen i låglandet og på fjellet veks den på fuktige stader (Kristoffersen, 2007).
Lusegraset er giftig og har vore brukt mot hodelus ved at ein laga eit avkok av det (Kristoffersen, 2007). Dersom ein plukkar opp eit lusegras kan du sprette av yngelknoppene i toppen ved å trykke på dei yttste blada som stikk ut.
 |
StjernesildreFoto: Gry Thyrrestrup |
STJERNESILDRE (Saxifraga stellaris)
Familie: Sildrefamilien
Stjernesildre er ei svært vanleg plante i høgfjellet og er ein vakker liten blome. Den har eit hint av rosa i stilken, som er hårete og greinete øvst. Begerblada er grøne og taggete og dei fem kvite kronblada er splitta. Stjernesildra har karakteristiske gule eller raude flekkar nedst på kronblada. Den har eit rosa fruktemne i midten som kan minne om ein trutmunn. Stjernesildra liknar ei stjerne med kronblada sine, og likar seg der det sildrar vatn, der kjem kanskje namnet stjernesildre frå. Den veks i snøleier, myr, kjelder, grus og bekkekanter (Kristoffersen, 2007).
 |
Blålyng |
BLÅLYNG (Phyllódoce caerúlea)
Familie: Lyngfamilien
Blålyng er ein oppreist dvergbusk som kan minne om krekling-planten når den ikkje har blomar. Blålyngen har litt større blader enn kreklingen, og istadenfor bær, så finn ein fine blomar i toppen av blålyngen. Blomane stikk opp med ein eigen stilk øvst på planten. Blomane er klokkeforma og endrar farge iløpet av sesongen. Fargen går frå raudleg til raudfiolett og seinast får den ein blåleg farge. Blålyngen likar seg i lyngskog og hei, og veks ofte saman med blåbærlyng (Kristoffersen, 2007).
EINER (Juniperus commúnis)
Familie: Sypressfamilien
 |
Einer
Foto: Johanne Førland Russdal-Hamre
|
Einer er eit bartre som fins i ulike former. Den kan vere oppreist og sylinderforma, men på fjellet veks den oftast som ein låg og krypande busk. Busken veks sakte og kan bli svært gammal. Einebæra som ber fram frøa veks over to år. Første året er einebæret grønt og andre året modnast det i ein gråblå farge. Eineren kan vekse høgt til fjells og kan vekse dei fleste stader, så lenge den får nok lys (Kristoffersen, 2007).
Einer har hatt mange ulike bruksområde. Den har vore brukt i urtemedisin, som krydder og homeopatisk middel. Ein brukte å lage eit avkok av einerbusken, einerlåg. Einerlågen inneheldt antiseptiske stoff og vart brukt til blant anna hårvask. Den inneheld eteriske oljer som ein meiner kan virke lindrande mot alt i frå urinvegsinfeksjon til revmatiske plager (Hjelmeland, 2011). Einerbusken har ei frisk duft og gir ein god kryddersmak. I dag blir den brukt til å setje god duft i såper og parfymar, og den brukast som krydder i mange matrettar og enkelte brennevinsortar.
DUSKULL (Eriophorum angustifolium)
Familie: Halvgressfamilien
 |
Duskull |
Duskull finn ein oftast i myr og snøleier, men òg andre våte stader. Den er i familie med torvull og snøull, og du har kanskje lært og kalle desse plantene for myrull. Duskullen kan lett skiljast frå dei andre typane ved at den har to eller fleire aks, som minnar om duskar, i toppen. Duskull er ei vanleg plante å finne i dei fleste fjellområde. Den formeirar seg ved at vinden tek med seg frøa, slik som løvetannen.
Ulla kan ein bruke som lysveike, og den har vore brukt til å fylle puter med før i tida. Duskullen har vore brukt til å lage papir av (Duskmyrull, 2013).
KANTARELL
Kantarell er ein av dei sikraste matsoppane vi kan finne i skogen. Den er lett å kjenne att og kan ikkje forvekslast med soppar som er giftige eller ikkje etande. Kantarell er ein skivesopp med karakteristisk gul eller eggegul farge. Den kan gjennkjennast ved at den har skiver, eller riller som går fra hatten og nedover stilken utan ein markert ring i slutten. Soppen er flott og traktforma når den har fått stått ei stund, men yngre eksemplar kan vere meir runde og nedoverretta i hatten. Kantarellen er forholdsvis sprø og kan lett delast i to med hendene. Den har kvitt kjøt og ei søt lukt (
Soppgleder).
MOLTE (Rubus chamaemorus)
Familie: Rosefamilien
 |
Molteblomst
Foto: Asbjørn Klakeg Forland |
Molteplanten får først store og kvite blomar før den kan utvikle seg til bær. Molta er ein særbuplante, den har eigne hann- og hoblomar. Det er kun hoblomen som kan bli bestøva og utvikle bær. Bæret blir først raudt og seinare guloransje i fargen. Blada er store, begerforma og snur seg mot sola som ein parabol. Dette skapar eit varmt og lunt mikroklima som trekk til seg insekt. Molteplanta er avhengig av at desse insektene spreiar pollenet vidare for at dei skal formeire seg. Den likar seg i næringsfattige myrer, fuktig skog og lynghei (Kristoffersen, 2007). Planta er vanleg på den nordlege halvkula, men det er stort sett berre i skandinavia, og særleg Nord-Noreg at den ber fram frukter.
 |
Moltebær |
"Multe, Rubus chamaemorus L (Rosaceae-familien), har i vårt land fra gammel tid vært betraktet som den gjeveste av alle ville bær. " (Thiem & Berge, 2003). Molte er rik på C-vitamin og inneheld benzosyre, eit naturleg konserveringsmiddel som gir god holdbarheit. Molta er god på smak og vert sett på som ein delikatesse mange stader. Mange stader i Noreg er moltekrem ein dessert som vert servert i jula.
VANLIG MARIKÅPE (Alchemilla vulgaris)
Familie: Rosefamilien
Marikåpe kan delast inn i fleire små-artar som skiljast på bladforma. Vanlig marikåpe har store, taggete og samanhengande blad som dannar ei slags skål i botn av bladet, medan fjellmarikåpa har fem små, splitta blad. Blomane er tette, små og gulgrøne utan kronblad.
 |
Marikåpe og fjellmarikåpe i harmoni |
I begeret på bladet til vanleg marikåpe finn ein ofte skinnande doggdropar i botn. Denne er som regel dogg eller regn, men kan kome frå ein kjertel langs bladkanten som skil ut vatn (Kristoffersen, 2007). Denne dropen vart brukt av alkymistar i middelalderen som ein ingrediens i forsøk på å lage gull.
Felles for marikåpe er at dei inneheld mykje garvestoffer. Den vanlege marikåpa har vore brukt til mange sjukdomar og plager, og i følge Hjelmeland (2011) fungerer truleg fjellmarikåpa mot dei same plagene. Den skal blant anna vere urindrivande, krampeløysande, blodstillande, sårhelande og menstruasjonsregulerande (Hjelmeland, 2011).
MEANDRERENDE ELV
 |
Meander |
Meandrerende elv, vil seie at elva svingar seg nedover. Dette skjer i relativt flatt terreng der elva har liten hjelp frå tyngdekrafta. Elva grev ut i yttersving der vatnet har mest fart. Farten på vassføringa gjer at det blir meir kraft og den kan erodere og ta med seg finmateriale og småpartiklar vidare nedover elva. Lausmassane som hoppar og flyt nedover vert avsett i innersvingen. Her har elva liten fart og dannar ofte små sandstrender (Trømborg 2007).
YTRE PROSESSAR SOM FORMAR LANDSKAPET
 |
Isbreane har sett sitt preg på landskapet. |
Prosessane føregår på overflata av jordskorpa og er med på å forme landskapet vårt. Vi skiljer mellom erosjon og forvitring. Erosjon er sliting og graving på berggrunn. Det er brear og elvar som har stått for dei største kreftene. Breane skurer og plukkar, medan elva grev ut lausmassar. Forvitring er slitasje ved kjemiske reaksjonar. Dette kan til dømes skje ved frostsprenging. Vatn utvidar seg med 9% når det frys, og dette kan føre til at store materiale blir sprengt laus frå fjellet (Trømborg, 2007).
KJELDER
Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Vigmostad & Bjørke AS, Bergen