fredag 21. november 2014

Tur til Correns i Frankrike, oktober 2014



I midten av oktober sto sjølve gulrota i dette semesteret for tur: ekskursjon til Correns, Provance i Frankrike. Ein tur der klatring, reiseliv og ikkje minst hyggefaktoren var i fokus. Turen var hovudsakleg for å betre eigenferdigheit og tryggleik med klatring på boreboltar, men vi hadde òg daglege faginnslag med studenttema som omhandla rettleiing, klatring og naturbasert turisme. Utan om klatring var det fleire kulturelle innslag, mellom anna fransk marknad i Aix, besøk på vingard og til den store turistattraksjonen ”Grand canyon du Verdon”.

Ved å opphalde oss ti dagar i same, vetle landsby, lærte vi å kjenne noko av lokalkulturen i området. Correns var ein av dei første økologiske landsbyane i Frankrike. Etter at regjeringa gjekk ut med anbefalingar, bestemte borgermesteren seg for at Correns skulle handle etter dette. Alt landbruket er økologisk, som også tyder at all vin fra området er økologisk vin. Dei siste 15 åra, etter at Correns vart ein økologisk by, har folketalet auka frå 661 til 803 innbyggjarar.

Correns er et lite samfunn og består av en liten matvarebutikk, et bakeri og en cafe/pub. Vi vart snart kjent i den vetle byen, og var heldige å oppleve den verkelege kulturen. Då vi besøkte Correns var det nemlig villsvinjakt i området. Heile tida høyrde vi skot og hundar som jaga. Fleire dagar då vi var på veg heim att til campingplassen, fekk vi oppleve å helse på jegrane. Somme dagar hadde dei ingen bytte – men andre hadde dei meir å vise fram.



Foto: Ragni K. Odéen
Foto: Ragni K. Odéen






Foto: Ragni K. Odéen
Henrik får hjelpe til med slaktingen!




Foto: Ragni K. Odéen
Foto: Ragni K. Odéen



Bildene over: Her blir vi introdusert for kulturen i Correns.

Vi fekk sjå korleis dei slakta villsvina, ikkje berre ein gong – men fleire dagar var  vi heldige å få vere vitne til dette. Det var presisjonsarbeid og ein kunne sjå at handverket hadde vore gjort uante gonger før. Det var tydeleg at personane tilstades hadde ulike roller i prosessen. Ein hadde ansvar for å opne svinet, ein annan flådde den, og tredjemann delte den opp i stykker.


På turen fekk vi også besøke ein vingard, smake økologisk vin og sjå og høyre om korleis prosessen med vinlaginga føregår. Det var utruleg artig å få vere såpass lenge i ein så liten landsby, der vi fekk kontakt med bakaren, butikkdama og villsvinjegrane- Vi vart verkeleg introdusert for kulturen i det litle samfunnet.

onsdag 29. oktober 2014

Rettleiartur, 08.-10. oktober, 2014

Som 3. års studentar skulle vi for første gong få prøve oss i rettleiarrolla, for studentar på B1 idrett og B2 friluftsliv. Saman med ein medstudent, fekk eg med meg tre førsteårsstudentar og  to andreårs-studentar. B3 hadde hovudansvar for å planlegging, gjennomføring og evaluering av turen. Vi hadde lite kjennskap til gruppa og deira føresetnadar med enkelt friluftsliv (enkelt leirliv med gapahuk og bål). Dette gjor at vi heile tida måtte tilpasse rolla vår etter situasjonen. I friluftslivspedagogikken vert det ofte beskriven som situasjonsbestemt leiarstil.
Situasjonsbestemte lederstiler
Priest og Gass (2005) beskriver tre ulike leiarstilar som kan nyttast i friluftslivet. Autokratisk, demokratisk og abdikratisk leiarstil beskriv kva for grad av involvering leiaren skal ha ved gjennomføring av ei oppgåve. Ein kan på førehand ha planlagt kva for rolle ein ønskjer å ta, men ute i naturen kan ein aldri kontrollere alle forhold som spelar inn på situasjonen – og kan vere nøydt til å endre leiarstil ut i frå forholda (Priest og Gass, 2005). Dette kallast òg situasjonsbestemt leiing. Eg vil vidare beskrive korleis vi brukte dei ulike leiarstilane då vi sjølv var rettleiarar.

Foto: Ragni K. Odéen
Orientering over skoggrensa dag 2, her hadde B1 studentene ansvar for orientering.


I planleggingsfasen hadde vi sett oss ut ei rute vi skulle følgje til første leir. Likevel let vi studentane sjå på kartet og finne ruter som kunne leie oss til leirstaden, dette før vi avslørte vårt forslag. Studentane kom med forslag, men vi valde å ta det siste ordet då vi ønska å følgje ein skogssti, heller enn ein grusveg (som nok var enklaste rute). Denne måten å konsultere på, kallar Priest og Gass (2005) for demokratisk leiarstil. Ein opnar opp for forslag og diskusjon i gruppa, men leiar tar den endelige avgjerdsla.


Foto: Ragni K. Odéen
Topptur på Store Haugmelen var en del av turen vår.

Vi hadde på førehand tankar om at B2 studentane skulle ha tileigna seg erfaring med orientering i løpet av hausten, og valde å ta utgangspunkt i at dei skulle få ei slags rettleiarrolle overfor B1 studentane då vi jobba med dette temaet. Vi ønska å ha ei abdikratisk rolle i denne situasjonen, og ville la studentane ha stor grad av styring sjølv. Ved ein abdikratisk leiarrolle er vi mest tilstade for å observere, og lar gruppa sjølv ta eigne avgjersler. Vi kunne tillate oss denne rolla, då vi hadde nokså gode forhold og gruppa viste seg å ha gode føresetnadar for å styre orienteringa sjølv.
Den autokratiske leiarstilen var vi ikkje innom i løpet av turen. Vi hadde stort sett gunstige forhold ut i frå våre og studentane sine føresetnadar. I undervisning i friluftslivet vert denne helst brukt når forholda er dårlege. Autokratisk stil gir leiaren stor grad av styring, og brukast når det er lite rom for å gjere feil (Priest og Gass, 2005).

Foto: Connie Jakobsen Myking
Hygge rundt bålet.


Det var lite risiko knytt til skogsturen vår, som ikkje gjor det nødvendig å tre inn i denne rolla. Dersom det hadde skjedd eit uhell, eller nokon hadde skada seg under turen, hadde forholda i gruppa endra seg og vi som rettleiarar måtte kanskje ha tredd inn i ei meir autokratisk rolle for å få kontroll på situasjonen.

Referanser
Priest, S. og Gass, M.A. (2005). Effective Leadership in Adventure Programming. Human Kinetics.

onsdag 1. oktober 2014

Litle Færøy, Solund, 1.-4. september

Første veka i september reiste B3 FL ut i havgapet til Litle Færøy, utanfor Hardbakke i Solund. Eit mål for turen var å få erfaring knytt til kystfriluftsliv, med mellom anna kajakkpadling og bruk av tradisjonsbåtar. Desse dagane fekk vi sjå på både gamle grindverksbygg og ulike båtbyggjartradisjonar, frå gammalt av. Dette er historiske byggteknikkar som i dag går innanfor det vi kallar kulturminne. Dette blogginnlegget vil handle om kulturminner knytt til friluftsliv og læring i friluftslivet.

Foto: Ragni K. Odéen
Fuglesteg i Luster er ein gard verna av kulturminneloven (1979).

Kulturminner og friluftsliv

Kulturminneloven § 2. (1979) beskriver kulturminner som følgende: “Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.”. Videre beskriver St.meld. nr. 39. (Klima- og miljødepartementet, 2000) at samfunnet er i endring, og vi opplever at dei nye generasjonane si tilknyting til natur- og kulturarven blir svekt”. Korleis kan vi som friluftslivsrettleiarar påverke dette i ein positiv retning?
Eg hugsar sjølv at kulturminner vart brukt i grunnskulen, utan at eg kunne definere eit kulturminne på denne tida. Ekskursjonar til gardstun frå 1700-talet, til vikinggardar og oppsøking av helleristingar, sit som spikra fast i meg, som minner frå barneskulen. Vi levde oss tilbake i tidene, kledde oss om, åt vassgraut og slo gras med ljå. Tilbake på skulen laga vi våre eigne helleristingar og jobba vidare med dei historiske tidene. Vi hadde personlege minner og knaggar å feste kunnskapen til.
Foto: Svein Erik FristadEin Sunnfjordsfæring

I prosjektet ”Landskapsopplevelse og kulturlandskapsvern” har ein sett på korleis turgåarar opplev kulturhistoriske fenomen i landskapet (Klepp, 1994). Mange viste seg å ha eit positivt forhold til vern av kulturminner. Eit kulturminne kan være kritikk eller kommentar til notida (Klepp, 1994). Vi kan bruke kulturminner til å reflektere over kor godt vi har det i dag, eller i kva for retning utviklinga fører oss. Det kjem ofte fram at vi i tidlegare kultur hadde eit meir naturleg forhold til naturen (Klepp, 1994). Med kulturminner får vi moglegheit til å leve oss tilbake inn i fortida, for ein kortare periode.
Kulturminner er eit godt argument for å ta undervisninga ut av klasserommet, og kalla uteskule. Uteskule er ikkje nødvendigvis undervisning ute i naturen, men å ta undervisninga ut frå klasserommet (Jordet, 2012). St.meld. nr. 39. (Klima- og miljødepartementet, 2000) definerer friluftsliv som all utandørs fysisk aktivitet i område der det er rom for naturopplevingar”. Ved å inkludere kulturminner i friluftslivet gir det rom for endå meir læring, enn berre å vere til stades i naturen. Dette er også eit godt verkemiddel for å lære turistar, både norske som utanlandske, om norsk historie og tradisjonar. Eg meiner vi som friluftslivsrettleiarar har eit ansvar for å bruke kulturminner aktivt når vi har med oss grupper ute i naturen.


Referanser

Jordet, A. N. (2012). Klasserommet utenfor: Tilpasset opplæring i et utvidet           klasserom. Oslo: Cappelen Damm AS

Kulturminneloven. LOV-1978-06-09-50. (1979). Hentet fra http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50

Stortingsmelding nr. 39. Friluftsliv – ein veg til høgare livskvalitet.

onsdag 10. september 2014

Klatring på låglandsklippe 25.-28. august, 2014


Vår første ekskursjon dette skuleåret var klatreundervisning frå 25.- 28. august. Opplegget gjekk ut på fire dagsekskursjonar med klatring på Kvam og i Veitastrond.  Dette var første modul i klatreundervisninga, og gjekk mellom anna ut på å tileigne seg erfaring med metodar for topptaufeste, rappell og risiko knytt til sportsklatring og buldring ved låglandsklipper.

Kameratsjekken
Før ein skal setje i gong å klatre er det fleire viktige moment ein må ha kontroll på, og ha eit bevisst forhold til. For å kunne sikre personar inne i ein klatrehall, krev dei fleste anlegg at ein må vise fram brattkort. Ved klatring ute er det ingen som kontrollerer dette, men det er minst like viktig at ein meistrar sikringsteknikk før ein sender kameraten sin opp i veggen.

Foto: Ragni K. Odéen.
Tonje og Gjermund gjennomfører kameratsjekken.


Ved sportsklatring, og for så vidt fjellklatring, er det svært viktig å ha eit sunt og bevisst forhold til kameratsjekken (Håkonsen, 2005). Kameratsjekken er eit filter er med på å førebygge at ulykker skjer i klatreveggen, og er ein viktig del av brattkortkurset til Norges Klatreforbund (NKF, u.å).
Moment ein skal kontrollere ved kameratsjekken er om selen sitt korrekt på både klatrar og sikrar. Selen skal sitte så stramt at ein ikkje skal klare å dra den forbi hoftene. Deretter sjekkar sikrar om innbindinga til klatrar er riktig. Innbindinga skal vere ein dobbel åttetalsknute. Slå ein enkel åttetalsknute på tauet og tre gjennom dei to same punkta som sentralløkka er festa i (Håkonsen, 2005 og Tronstad, 2005). Deretter tres tauet tilbake gjennom åttetalet (illustrasjon 1).

Når sikrar har sjekka at tauet er tredd riktig på klatrar, er det klatrar sin tur til å sjekke sikrar. Denne delen av sjekken skal sørgje for at tauet ligg riktig i bremsen og at skrukarabinen er festa skikkelig og låst (Håkonsen, 2005). Tauenden som går til klatrar skal alltid vera øvst (Tronstad, 2005), der bremsen ikkje har friksjon (dersom den har dette). Det fins mange ulike taubremsar, og det viktigaste er at både sikrar og klatrar veit korleis den bremsen dei brukar skal treas – for å kunne gjer sjekken riktig. Til slutt sjekkar klatrar om skrukarabinen er festa rett og skrudd att. 
Foto: Asgeir Rusti
Illustrerer korleis tauet skal gå gjennom bremsen, med skrukarabin i sentralløkka.
I ei kort avslutning kan vi liste opp kameratsjekken sine moment: selen sitt korrekt, innbindinga er fullstendig, tauet ligg riktig i bremsen og skrukarabinen er låst og festa riktig.    


Referanser:
Håkonsen, C. og Håkonsen, H.P. (2005). Klatring og Friluftsliv.
Norges Klatreforbund. (u.å). Brattkortprøven.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Akilles forlag.