onsdag 10. september 2014

Klatring på låglandsklippe 25.-28. august, 2014


Vår første ekskursjon dette skuleåret var klatreundervisning frå 25.- 28. august. Opplegget gjekk ut på fire dagsekskursjonar med klatring på Kvam og i Veitastrond.  Dette var første modul i klatreundervisninga, og gjekk mellom anna ut på å tileigne seg erfaring med metodar for topptaufeste, rappell og risiko knytt til sportsklatring og buldring ved låglandsklipper.

Kameratsjekken
Før ein skal setje i gong å klatre er det fleire viktige moment ein må ha kontroll på, og ha eit bevisst forhold til. For å kunne sikre personar inne i ein klatrehall, krev dei fleste anlegg at ein må vise fram brattkort. Ved klatring ute er det ingen som kontrollerer dette, men det er minst like viktig at ein meistrar sikringsteknikk før ein sender kameraten sin opp i veggen.

Foto: Ragni K. Odéen.
Tonje og Gjermund gjennomfører kameratsjekken.


Ved sportsklatring, og for så vidt fjellklatring, er det svært viktig å ha eit sunt og bevisst forhold til kameratsjekken (Håkonsen, 2005). Kameratsjekken er eit filter er med på å førebygge at ulykker skjer i klatreveggen, og er ein viktig del av brattkortkurset til Norges Klatreforbund (NKF, u.å).
Moment ein skal kontrollere ved kameratsjekken er om selen sitt korrekt på både klatrar og sikrar. Selen skal sitte så stramt at ein ikkje skal klare å dra den forbi hoftene. Deretter sjekkar sikrar om innbindinga til klatrar er riktig. Innbindinga skal vere ein dobbel åttetalsknute. Slå ein enkel åttetalsknute på tauet og tre gjennom dei to same punkta som sentralløkka er festa i (Håkonsen, 2005 og Tronstad, 2005). Deretter tres tauet tilbake gjennom åttetalet (illustrasjon 1).

Når sikrar har sjekka at tauet er tredd riktig på klatrar, er det klatrar sin tur til å sjekke sikrar. Denne delen av sjekken skal sørgje for at tauet ligg riktig i bremsen og at skrukarabinen er festa skikkelig og låst (Håkonsen, 2005). Tauenden som går til klatrar skal alltid vera øvst (Tronstad, 2005), der bremsen ikkje har friksjon (dersom den har dette). Det fins mange ulike taubremsar, og det viktigaste er at både sikrar og klatrar veit korleis den bremsen dei brukar skal treas – for å kunne gjer sjekken riktig. Til slutt sjekkar klatrar om skrukarabinen er festa rett og skrudd att. 
Foto: Asgeir Rusti
Illustrerer korleis tauet skal gå gjennom bremsen, med skrukarabin i sentralløkka.
I ei kort avslutning kan vi liste opp kameratsjekken sine moment: selen sitt korrekt, innbindinga er fullstendig, tauet ligg riktig i bremsen og skrukarabinen er låst og festa riktig.    


Referanser:
Håkonsen, C. og Håkonsen, H.P. (2005). Klatring og Friluftsliv.
Norges Klatreforbund. (u.å). Brattkortprøven.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Akilles forlag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar