11.-12.
Februar 2014 reiste vi på tur til Vigdalstøl for å jobbe med sikker ferdsle på
topptur i vinterfjellet. Vi skulle få erfaring med trygge vegval og
organisering av gruppa på tur, samt få erfaring med kameratredning i snøskred.
I dette innlegget vil eg ta føre meg turplanleggingsfasen når ein skal på
topptur.
Turplanlegging, 3x3-filtermetoden
God
planlegging i forkant av turen kan vere ei av dei beste reiskapane ein har for
å unngå ulukker i fjellet. Pensum på B2 Friluftsliv i Sogndal tar mellom anna
utgangspunkt i Werner Munter sin metode om 3x3 filtervurdering (Landrø, 2008;102).
3x3 filtermetoden går ut på at ein vurderer vær og snøforhold, terreng og
menneskelege faktorar tre gonger. Munter kallar det ”regionalt, lokalt og
zonalt”, men det kan kanskje vere enklare å forstå omgrepa ved å omtale dei som
”turplanlegging, områdevurdering og enkelthengsvurdering” (Landrø, 2008).
Turplanlegginga
skjer heime før ein reiser på tur og skal gje oss informasjon om dette er ein
tur som vi aksepterer risikoen til. Turplanen er eit verktøy som hjelper til at
vi blir meir bevisst på kva vi skal sjå etter når vi kjem ut i området og i
enkelthenga (Landrø, 2008). I planlegginga er det lurt å bruke ulike verktøy
som snøskredvarslinga, skredkartet og senorge for å skaffe seg mest mogleg
informasjon om terreng, snødjupnad og skredproblem i snødekket. Saman med desse
verktøya og vêrmeldinga kan ein rekne ut kor den beste snøen ligg. Skredkartet
er ein god reiskap for å sjekke brattleiken i terrenget, slik at ein i turplanen
kan presisere kritiske punkt der ein bør gjer tiltak for å bevare tryggleiken
til gruppa. Turplanen bør innehalde fleire alternativ for rute både opp og ned.
![]() |
Utklipp fra turplanen til Buskrednosi. Øvst er ruta teikna på kart frå ut.no. Nedst har vi brukt NGI sitt skredkart. |
I
teltgruppa mi laga vi vår eigen turplan etter 3x3-filtermetoden frå Werner
Munter (Landrø, 2008;102). Vi brukte ulike nettstader for å kartleggje
snøforhold og terreng. Ut i frå det vi kunne finne var det mogleg å gjennomføre
denne turen utan å bevege seg i heng over 30°. Dette er
eit godt utgangspunkt for turar med grupper som har ulike føresetnadar for
toppturar på ski. Då vi kom ut i terrenget var det god snø og terrenget var
nokså oversiktleg. Vi fekk høyre at det ville vere eit punkt på turen der vi
måtte bevege oss over 30°, dette hadde
vi ikkje klart å sjå då vi planla turen heime.
Ved skredfare <2 kan
vi med Afterskimetoden bevege oss i terreng
>35° (Brattlien, 2013). I terreng over 30° gjer vi
uansett standardtiltak med avlastningsavstand 10 meter oppover og køyrer ein og
ein ned att. Dømet ovanfor er ein situasjon som beskriv kvifor ein må vere ”på
vakt” når ein kjem ut i terrenget. Høgdekvotene
på standard turkart 1:50 000 viser brattleik per 20. høgdemeter og mindre brattheng vil ikkje vise på kartet. Dersom eit heng er <30°
og meir enn 5 meter høgt, kan det i prinsippet gå skred her og vi må alltid bruke
standardtiltak.
![]() |
Turplanlegging i leiren frå ein seinare tur med B2 Friluftsliv. Foto: Victoria Rönnbäck |
God
turplanlegging heime kan gjer deg tryggare på forholda når du kjem ut i
fjellet. Dersom gruppa ikkje aksepterer risikoen for turen som er planlagt:
planlegg ny tur. I turplanen presiserer ein kva ein skal sjå etter når ein kjem
til den lokale og zonale delen av turplanen. Dette gjer deg meir våken på
kritiske punkt i terrenget, eller snødekkevurderinga. Likevel må ein alltid hugse
å ha augene opp for mindre brattheng eller uventa fareteikn frå snøen.
Referanseliste:
Brattlien,
K. (2013). Trenger vi skredvarsling? Lasta
opp 08.05.14 http://www.ngi.no/no/snoskred/Nyheter/Trenger-vi-skredvarsling/
Landrø,
M. (2008). Skredfare (2.utg). Oslo.
Fri Flyt As.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar