Utsikt frå Store Ringstind. Foto: Tom Arne Grini |
Endeleg var det
klart for topptur til dei majestetiske fjella i Hurrungane. Vi reiste opp veka
etter påske - som ein forlenging av påskeferien. Vi skulle ha basecamp og mål
for turen var mellom anna redning på snødekt bre, vegval i bratt lende og
køyremønster.
TOPPTUR: Om å finne den beste linja både opp og
ned.
Eg har eit fåtal
gonger vore heldig å få gått på topptur med guide i samband med
toppturfestivalar og i tidlegare skulesamanheng. Den same leksa om å kvile seg
til topps får eg høyre kvar gong. Mi erfaring i desse situasjonane er at guiden
"peisar på" saman med dei sprekaste og vi halvspreke kjem oss til
slutt utslitne til toppen.
Med å gå i for høgt
tempo kan ein miste fokus på mellom anna alpine farar, som ein må følgje med på
undervegs. På vårskitur kan døme på alpine farar vere utgliding, skavlbrekk,
steinsprang eller utmatting (Haslene, 2008). Ein annan ting ein bør ha overskot
til på oppturen, for å gjer nedturen optimal, er å planlegge nedkøyringa på veg
opp (Aslaksen, 2014). På denne måten kan ein lese
terrenget, sola og snøen for å finne den beste linja og den beste snøen. Ved å
kome til topps med overskot har ein òg meir å gå på og kan få meir glede ut av
nedkøyringa - som for mange ofte er høgdepunktet med turen (Aslaksen, 2014). På vårskitur kan det vere eit
godt tips å ha alpin start, å gå litt tidligare på morgonen enn midtvinters.
For å ha rikelig med tid til å nå toppen og få det beste føret på veg ned att
er alpin start verkeleg å anbefale for å få den beste opplevinga.
Desse dagane i Hurrungane
skulle vi gå to klassiske toppturar med grupper på 7-10 personar. Vi lagde
eigen turplan i dei enkelte gruppene og skulle rettleie kvarandre undervegs på
turane. Den første turen gjekk til Store Ringstind, her erfarte vi som gruppe
at vi fekk dårleg flyt i nedturen. Grunn til dette var at vi ikkje hadde
diskutert nedkøyring verken kvelden før, eller medan vi gjekk opp. Dette var
for dei fleste i gruppa ein ordentleg "vekkjar" og i etterkant ein
god læringssituasjon. Frå no av vil eg alltid vele ut ei linje til nedkøyringa
medan eg går oppover, så sant eg har overskot til det.
Innmarsj i Ringsdalen. Frå venstre: Midtre og Store Ringstind. Foto: Tom Arne Grini |
Noko av nedkøyringa frå Ringstind. Foto: Tom Arne Grini |
Andre tur gjekk til
Lauvnostind. Vi hadde saman i gruppa planlagt oppturen kvelden før. Vi la ruta
opp ryggen mot Lauvnosi. Då vi kom opp dagen etter, såg eg og Victoria eit
alternativ som kunne vere endå betre enn å følgje ryggen. Vi kunne runde rundt
på vestsida av Lauvnosi, og gå tilnærma flatt for å kome opp her. Vi som leia
gruppa i denne delen av turen valde å gå bort i frå originalplan og heller følgje
denne "flate" ruta opp dette partiet. Dette er eit godt eksempel på
at turplanen ikkje treng vere fasiten. Heile turen prøvde gruppa å leggje eit
relativt flatt spor, tilnærma lik ein Brio togbane med jamne, lange svingar. Vi
gjekk jamt og flatt - og plutselig var vi ved partiet der skia måtte av og vi
skulle "boote" til toppunktet.
Desse dagane i
Hurrungane med topptur i middels store grupper har gitt mykje rom for læring.
Når ein går topptur har eg opplevd at mange køyrer ned same stad som ein går
opp. Ved å avklare med gruppa at det er greitt å bruke litt tid på å planlegge nedkøyringa
medan ein går opp, vil heile turopplevinga bli heva. På toppturen skal både
opptur og nedtur nytast. For å få til dette er det viktig å finne eit jamt
tempo opp som passar alle i gruppa. Ein skal kunne prate lett og diskutere
vegval medan ein går. Ved å kutte ut småstopp heile vegen kan ein auke
gjennomsnittshastigheita utan å auke frekvensen på beina.
For første gong på
organisert tur har eg opplevd å kvile meg til topps, endeleg fekk eg verkeleg
kjenne på dette omgrepet. Med fullstendig overskot på toppen av Lauvnostind
kunne eg verkeleg nyte topptraversen, utsikta og nedkøyringa etterpå. Dette gav
meirsmak.
Nøgd gjeng på toppen av Ringstind. Foto: Linda Hallandvik |
Referanseliste:
Aslaksen, T. (2014). Toppturkurs - en god investering. Lasta opp 10.05.14 frå http://www.bratrening.no/ute/vinter/514-toppturkurs-en-god-investering
Haslene, S. (2008). Breboka. Oslo, Den Norske Turistforening.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar