Å etablere leir
Denne gongen reiste vi
til Haukåsen for å teste vinterutstyret vårt. Dette var ein kort fjellskitur
med heile B2 der vi hadde fokus på leiroppsett, orientering og førstehjelp.
Hovudmålet var å teste ut personleg- og fellesutstyr før ein lengre tur i veke
5. På turen skulle vi skaffe oss erfaring og kunnskap om leirliv vinterstid
(teltoppsett, levegg, latrine etc.), bruk av primus i telt, vinterorientering
og tilpassing av skiutstyr. I dette innlegget vil eg vidare ta føre meg korleis
etablere leir vinterstid.

Magnhild i fint driv.
Foto: Ukjent
På vintertur i høgfjellet kan ein ofte bli
utsett for hardt vêr med mykje vind og snø. Når ein skal etablere leir
vinterstid er det difor fleire faktorar ein bør vurdere å ta omsyn til for å få
ei best mogleg oppleving, og for å unngå å måtte stå opp midt på natta for å
rette opp teltet. Ein bør mellom anna vurdere fleire faktorar ved plasseringa
av teltet og det kan vere lurt å på førehand verte einig om korleis ein som
gruppe ønskjer å gå fram med å setje opp teltet for å effektivisere. I tillegg
fins det enkelte andre lure triks som gjer overnattinga meir behagelig.
Det første ein må tenkje
på ved etablering av leir er om plasseringa er trygg. Vurderingar ein må gjer
her kjem an på type tur og underlag. På høgfjellet er det først og fremst
utlaupssonar ein må tenkje på. Uansett snøforhold skal ein aldri leggje leiren
i ei utlaupssone (Horgen, 2010). Ved telting på isbre må ein sjekke heile
området ein skal telte og bevege seg i med søkestang for å finne ut om det fins
sprekker i området (Skog). Når tryggleikssjekken er godkjent bør ein finne eit
flatt område der ein ønskjer å ha teltet. Dette er lurt for å kunne liggje i ro
utan å skli rundt på liggeunderlaget heile natta. Eit tips er å tråkke med ski
over området ein ønskjer å ha teltet, for å sintre snølaget øvst. Når ein
plasserer teltet, særs ved tunneltelt, må ein tenkje på å setje kortsida mot
vinden for at vinden skal få minst mogleg tak i teltet (Skog).
Etter klargjering av
teltplass skal teltet opp. Først må ein sikre teltet for at det ikkje skal ta
ut i vinden. Fest kortsida som skal opp mot vinden med eit par ski. Plasser dei
med undersida mot teltet, slik at stålkantane ikkje kan kutte av løkka den er
festa i. Når teltet er godt sikra kan ein rulle ut teltet og tre i teltstengene
(Skog). Dersom ein er fleire saman er det lurt å samarbeide for å kjappast
mogleg få opp teltet. Før ein bardunerer teltet bør ein strekkje det ut i
lengderetning (Skog). Når dette er gjort kan ein stramme teltstenger og
bardunere teltet godt. Eit stramt og fint telt gir frå seg mindre varme i
vinden (Skog). Difor kan det vere lurt å leggje ekstra energi i å stramme
teltet og bardunere godt ein ekstra gong, før ein for siste gong går inn i
teltet om kvelden. I tillegg minskar ein risikoen for at ein må ut å sikre
teltet om natta.

Leirliv
Foto: Magnhild Øfsti
Når ein har fått opp
teltet er det fint å la ein person gå inn for å grave kuldegrop og klargjer
teltet inne. I mellomtida kan dei andre i teltlaget grave blokker som ein legg
rundt snøskjørtet eller kanten på teltduken (Skog). Dette gir betre isolasjon
og strammar opp teltet, men ein må hugse på at ventilasjonen vert dårlegare.
Difor er det viktig å opne lufteslusene godt for å få god nok ventilasjon.
Dersom ein skal lage mat i forteltet er det óg viktig med god lufting for å
sleppe ut farlege gassar og unngå mykje kondens i teltet. Dersom ein har tid og
overskot kan det òg vere fint å grave levegg for å auke komforten. Den som
allereie er inne i teltet kan då byrje med matlaging medan
dei andre arbeidar ute.
På denne turen var vi
ikkje direkte i høgfjellet og hadde forholdsvis godt vêr då vi skulle etablere
leir. Likevel skulle vi tenkje oss at vi var på høgfjellet og at vinden piska
rundt oss. Når ein er store grupper kan ein plassere telta i eit system
som gjer at ein ligg i le for kvarandre. Vi sette opp teltet uavhengig av
dei andre denne gongen. Deretter laga vi kuldegrop og levegg for å få det meir
behagelig. Dette gjekk forholdsvis smertefritt. Det var fint å få øve seg på leiroppsett
før ein for alvor skulle opp i høgfjellsvêret på Hemsedalsfjellet.
Referanseliste:
Horgen, A. (2010).
Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Skog, Cecilie. Frå
Cecilie Skogs Dagbok. Lasta opp 04.02.2014 http://www.gamme.no/om-gamme/item/1277-etablere-leir
Å etablere leir
Denne gongen reiste vi
til Haukåsen for å teste vinterutstyret vårt. Dette var ein kort fjellskitur
med heile B2 der vi hadde fokus på leiroppsett, orientering og førstehjelp.
Hovudmålet var å teste ut personleg- og fellesutstyr før ein lengre tur i veke
5. På turen skulle vi skaffe oss erfaring og kunnskap om leirliv vinterstid
(teltoppsett, levegg, latrine etc.), bruk av primus i telt, vinterorientering
og tilpassing av skiutstyr. I dette innlegget vil eg vidare ta føre meg korleis
etablere leir vinterstid.
![]() |
Magnhild i fint driv. Foto: Ukjent |
Det første ein må tenkje
på ved etablering av leir er om plasseringa er trygg. Vurderingar ein må gjer
her kjem an på type tur og underlag. På høgfjellet er det først og fremst
utlaupssonar ein må tenkje på. Uansett snøforhold skal ein aldri leggje leiren
i ei utlaupssone (Horgen, 2010). Ved telting på isbre må ein sjekke heile
området ein skal telte og bevege seg i med søkestang for å finne ut om det fins
sprekker i området (Skog). Når tryggleikssjekken er godkjent bør ein finne eit
flatt område der ein ønskjer å ha teltet. Dette er lurt for å kunne liggje i ro
utan å skli rundt på liggeunderlaget heile natta. Eit tips er å tråkke med ski
over området ein ønskjer å ha teltet, for å sintre snølaget øvst. Når ein
plasserer teltet, særs ved tunneltelt, må ein tenkje på å setje kortsida mot
vinden for at vinden skal få minst mogleg tak i teltet (Skog).
Etter klargjering av
teltplass skal teltet opp. Først må ein sikre teltet for at det ikkje skal ta
ut i vinden. Fest kortsida som skal opp mot vinden med eit par ski. Plasser dei
med undersida mot teltet, slik at stålkantane ikkje kan kutte av løkka den er
festa i. Når teltet er godt sikra kan ein rulle ut teltet og tre i teltstengene
(Skog). Dersom ein er fleire saman er det lurt å samarbeide for å kjappast
mogleg få opp teltet. Før ein bardunerer teltet bør ein strekkje det ut i
lengderetning (Skog). Når dette er gjort kan ein stramme teltstenger og
bardunere teltet godt. Eit stramt og fint telt gir frå seg mindre varme i
vinden (Skog). Difor kan det vere lurt å leggje ekstra energi i å stramme
teltet og bardunere godt ein ekstra gong, før ein for siste gong går inn i
teltet om kvelden. I tillegg minskar ein risikoen for at ein må ut å sikre
teltet om natta.
![]() |
Leirliv Foto: Magnhild Øfsti |
På denne turen var vi
ikkje direkte i høgfjellet og hadde forholdsvis godt vêr då vi skulle etablere
leir. Likevel skulle vi tenkje oss at vi var på høgfjellet og at vinden piska
rundt oss. Når ein er store grupper kan ein plassere telta i eit system
som gjer at ein ligg i le for kvarandre. Vi sette opp teltet uavhengig av
dei andre denne gongen. Deretter laga vi kuldegrop og levegg for å få det meir
behagelig. Dette gjekk forholdsvis smertefritt. Det var fint å få øve seg på leiroppsett
før ein for alvor skulle opp i høgfjellsvêret på Hemsedalsfjellet.
Referanseliste:
Horgen, A. (2010).
Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Skog, Cecilie. Frå
Cecilie Skogs Dagbok. Lasta opp 04.02.2014 http://www.gamme.no/om-gamme/item/1277-etablere-leir
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar